Opna hovudmenyen

Al-Bahah-regionen (arabisk الباحة, al-Bāḥah) er ein region i Saudi-Arabia. Al-Baḥah ligg sørvest i Hejaz. Han har eit areal på 9 921 km², og eit folketal på 411 888 (2010). Hovudstaden er Al Bahah.

Al-Bahah
الباحة
Region
Baharoad.jpg
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Koordinatar 20°0′N 41°30′E
Areal 9 921 km²
Folketal 411 888 (2010)
Guvernør Prins Mishari bin Saud
Postnummer 11
Al Bahah in Saudi Arabia.svg
Wikimedia Commons: Bahah

Al Baḥah by, Almikhwah og Baljorashi ligg i regionen. Baljorashi har ein kjend, tradisjonell marknad kalla Sooqe as-sabt, som tyder 'Laurdagsmarknaden'. Baljorashi-marknaden er særs gammal, men kor gammal er ukjend. Marknaden opnar etter fajr-bøna eller kring 0500 om morgonen. Marknaden stenger kring middagstider. Folk kjm frå heile regionen for å kjøpe og selje handlaga varer. Andre byar i al-Bahah-regionen er Baljourashi, Almikhwah, Rahwat Albar, Sabt Alalaya, ein by ved Raudehavet kalla Al Qunfunda. Tre stammer har heimstaden sin i al-Baḥah: Azd, Ghamid og Zahran.[1]

NamnEndra

Ordet Baḥah har mange tydingar. Det kan til dømes vise til vatn, gardsplass, den høge og mange palmetre.

GuvernørarEndra

GeografiEndra

Al-Baḥah er namnet på både provinsen og hovudbyen. Byen ligg nordvest i Ghamed-territoriet. Regionen består av fjell, sletter, åsar, dalar og ørkenar. Al-Baḥah-regionen ligg i Hejaz i kongedømet Saudi-Arabia.

Store byarEndra

KlimaEndra

Det varierte landskapet påverkar klimaet i regionen. Al-Sarat-området er utsett for skyer og tåke, og dette skjer ofte om vinteren då fuktige luftmassar kjem frå Raudehavet, i lag med torevêr. Om våren og sommaren er klimaet mildt og behageleg. Klimaet i Tihama-området skil seg frå klimaet i al-Sarat, sjølv om dei berre ligg 25 km frå kvarandre. Tihama er ei småkupert kystslette, steikande varm om sommaren, varm om våren og mild om vinteren. Klimaet er generelt tørt. Den relative råma varierer mellom 52 % og 67 % med maksimumstemperatur på 23 °C og ein minumumstemperatur på 12 °C.

BileteEndra

KjelderEndra

  1. Kathy Cuddihy, An A to Z of Places and Things Saudi, pg. 6. London: Stacey International, 2001. ISBN 9781900988407