Al Casey
Alvin Wayne Casey (26. oktober 1936–17. september 2006) var ein USA-amerikansk gitarist. Han var hovudsakleg kjend som studiomusikar, men gav òg ut sine eigne plater og fekk tre hittar på Billboard Hot 100 i USA. Bidraga hans til rockabilly gjorde at han vart innlemma i Rockabilly Hall of Fame.[1] Han samarbeidde med produsenten Lee Hazlewood med artistar som Duane Eddy og Sanford Clark.
Al Casey | |||
Fødd | 26. oktober 1936 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Long Beach i California i USA | ||
Død | 17. september 2006 (69 år) | ||
Dødsstad | Phoenix i Arizona i USA | ||
Fødenamn | Alvin Wayne Casey | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | Gitar | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | Challenge | ||
Verka som | Musikar |
Biografi
endreCasey var framleis i tenåra då han byrja å arbeide med Lee Hazlewood i Phoenix i Arizona, og introduserte Hazlewood or Sanford Clark. Hitten til Clark, «The Fool», var produsert av Hazlewood. Bandet til Casey akkompagnerte Clark på desse singlane og andre plater som vart spelte in under Hazlewood. Casey var òg i bandet til Duane Eddy, The Rebelss, der han spelte piano, sjølv om han er meir kjend for å spele gitar. Casey skreiv òg ein av dei tidlege hittane til Eddy, «Ramrod», i tillegg til å vere medlåtskrivar på ein annan Eddy-hit, «Forty Miles of Bad Road», i lag med Duane.
Tidleg i 1960-åra delte Casey tida si mellom innspelingar i Los Angeles og Phoenix, og arbeidde med si eiga gruppe, The Al Casey Combo. Med den «twangy» bakgrunnen hans med Eddy og surferockinnspelingane hans kort tid etter, var det noko overraskande at den første suksessen hans var bluesaktige rockeinstrumentalar med jazzaktig orgelspel (av Casey sjølv). «Cookin'» nådde 92. plassen på poplista og oppfølgjaren «Jivin' Around» gjorde det litt betre med ein 71. plass på poplista og 22. plassen på R&B-lista i USA. I 1963 kasta han og Hazlewood seg på surfebølgja og spelte inn eit heilt album med surferockmusikk, hovudsakleg med songar av Hazlewood. Ein singel frå albumet, «Surfin' Hootenanny» (med kvinneleg vokal av The K-C-Ettes, òg kjend som The Blossoms), vart den største hitten til Casey, ein 48. plass på hitlista. Med på innspelinga var Leon Russell på orgel og Hal Blaine på trommer.
Solokarrieren til Casey ebba ut då det vesle, sjølvstendige selskapet han spelte for, Stacy, lukka kring 1964. Casey arbeidde sidan hovusakleg som studiomusikar og spelte inn med artistar som The Beach Boys, Eddy Arnold og Frank Sinatra. Han dreiv òg ein musikkforretning i Hollywood seint i 1960-åra og spelte som medlem i bandet på fjernsynsshowet til Dean Martin. Midt på 1990-talet gav han ut ei soloplate for Bear Family, Sidewinder.
Diskografi
endreArtist | Album | Format | Plateselskap | Katalognummer | Utgjevingsdato |
---|---|---|---|---|---|
Al Casey | Nola med Shine on Harvest Moon | Old Timer Records | S8151 | 1955 | |
If I Told You (Wouldn't Know It All By Myself) med The Pink Panther | MCI | 45-1004 | 1956 | ||
Guitar Man med Come What May | Dot Records | 45-15563 | 1957 | ||
(Got The) Teen-Age Blues med The Adventures of Frank N. Stein | Highland | M-2033 | 1958 | ||
Surfin' Hootenanny | LP, Album, Mono | Barry | B-319 (C) | 1963 | |
LP | Stacy Records | STM 100-1 | |||
LP, Mono | Stacy Records | STM 100-1 | |||
LP, Album | Troubadour | TRL E 1232 | |||
7" | Discostar | 1066 | |||
7" | CNR | A 9028 | |||
7", singel | CBS | 1237 | |||
LP, Album, RE, Unofficial, Pac, Mono | Stacy Records | STS-100 | Ukjend | ||
CD, Album | Sundazed Music | SC 6114 | 1996 | ||
LP, Album, RE, Red, Gre | Sundazed Music | LP 5026 | |||
LP, Album, Gre, Mono | Sundazed Music | LP 5531 | 2016 | ||
Surfin' Hootenanny/Easy Pickin'/ Doin' It/ Monte Carlo | 7", EP | Philips | 434818 BE | 1963 | |
Sidewinder | CD, Album | Bear Family Records | BCD 15889 AH | 1995 | |
Juice/A Fool's Blues | 7" | Dot Records | 45 15524 | 1956 | |
Willa Mae/She's Gotta Shake | 7", singel | Liberty | F-55117 | 1957 | |
Come What May | 7" | Dot Records | 45-15563 | 1957 | |
The Stinger/Keep Talking | 7", singel, Promo | United Artists Records | UA 158 | 1959 | |
Guitars, Guitars, Guitars/The Hearse | 7", singel | CBS | 1304 | Ukjend | |
Jivin' Around | CD, Comp | Ace | CDCHD 612 | 1995 | |
Surfin' Hootenanny | CD, Comp, RE | Stacy Records | STS 100 | 1995 | |
A Man For All Sessions | CD, Comp | Bear Family Records | BCD16579 AH | 2001 | |
Al Casey Combo | Jivin' Around/Doin' the Shotish | 7', Single | Barry | B-3124X | 1962 |
7" | Stacy Records | 936 | |||
Cookin'/Hotfoot | 7", singel | Stacy Records | 925 X | 1962 | |
Cookin' | 7", singel | Barry | B-3109X | 1962 | |
Laughin'/ Chicken Feathers | 7", singel, Promo | Stacy Records | 950 | 1962 | |
Doin' It/ Monte Carlo | 7", singel, Promo | Stacy Records | 956 | 1963 | |
Indian Love Call/Full House | 7", singel | Stacy Records | 961 | 1963 | |
Al Casey with the K-C Ettes | Guitars, Guitars, Guitars/Surfin' Blues (Part 1) | 7", singel, Promo | Stacy Records | 964 | 1963 |
7", singel | Barry | B-3218X | 1963 | ||
Surfin' Hootenanny/Easy Pickin' | 7" | Discostar | 1066 | 1963 | |
7" | CNR | A 9028 | 1963 | ||
7", singel | CBS | 1237 | 1963 | ||
7", singel, Red, Promo | Stacy Records | 962 | 1963 | ||
7", singel | Barry | B-3196X | 1963 | ||
7", singel | W&G | WG-S-1645 | 1963 | ||
7", singel | Pye International | 7N.25215 | 1963 | ||
Al Casey With the K-C Elites/Al Casey Combo | What Are We Gonna Do in '64?/Cookin' | 7", singel | Stacy Records | 971 | 1964 |
Chet Baker (med Al Casey) | Blood, Chet, and Tears | Verve Records | 1970 | ||
Duane Eddy and His Rockabillies Featuring Al Casey | The Ford Single | 7" | Sleazy Records | SR52 | 2013 |
Don Cole, Al Casey | Snake-Eyed Mama/Kiss of Love | 7", singel | RPM Records | 45x502 | Ukjend |
Lee Hazlewood & Al Casey Combo | Farmisht, Flatulence, Origami, ARF!! And Me | CD, Album | Smells Like Records | SLR 031 | 1999 |
Forskjellige | Almost Big Hits of 1962, Vol. 8 (Original Recordings) | Six Week Smile | 2013 | ||
Forskjellige | Mid-Century Sounds: Deep Cuts From the Desert (Vol. 1) | CD, Vinyl, LP, Whi + LP, Comp, Bla | Fervor Records | FVRLP001 | 2017 |
Forskjellige | Amazing Hits of the Transistor Era Vol. 1 | 12xFile, MP3, Album. 256 kbps | Fervor Records | 2007 | |
Forskjellige | Amazing Hits of the Transistor Era Vol. 2 | 13xFile, MP3, Compilation, 256 kbps | Fervor Records | 2007 |
TV og Film
endreArtist | Songtittel | Show | Media | Nettverk | Episode | Første visning |
---|---|---|---|---|---|---|
Al Casey | «If I Told You» | NCIS Los Angeles | TV | CBS | 200 | 19. november 2017 |
Al Casey Combo | «Cookin'» | 30 for 30 | TV | ESPN | 1. september 2014 | |
12 Monkeys | TV | SyFy | 210 | 20. juni 2016 | ||
Stranger Things | SVOD | Nettlix | 203 | 27. oktober 2017 | ||
«Laughin'» | The Astronaut Wives Club | TV | ABC | 101 | 18. juni 2015 | |
«Doin' It» | The Playboy Club | TV | NBC | 104 | Oktober 2011 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Al Casey (rock guitarist)» frå Wikipedia på engelsk, den 25. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Dixon, John P. (March 1995). «Al Casey Biography». Rockabilly Hall of Fame. Arkivert frå originalen 28. januar 2019. Henta 25. februar 2018.
- ↑ «Al Casey (2)». Discogs (på engelsk). Henta 5. februar 2018.
- ↑ «Al Casey Combo». Discogs (på engelsk). Henta 5. februar 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- Al Casey på Allmusic
- Al Casey-diskografi på Discogs
- Al Casey ved The Internet Movie Database (IMDb)
- Al Casey på Find a Grave