Opna hovudmenyen

Hal Blaine

amerikansk musikar

Hal Blaine (fødd 5. februar 1929 som Harold Simon Belsky, daud 19. mars 2019) var ein USA-amerikansk trommeslagar og studiomusikar.[1] Han var mest kjend for arbeidet med The Wrecking Crew i California. Blaine spelte på fleire hittar av populære artistar, inkludert Nancy Sinatra, Elvis Presley, John Denver, the Ronettes, Simon & Garfunkel, the Carpenters, the Beach Boys, The Grass Roots,[2] the 5th Dimension, The Monkees og Steely Dan. Han spelte på over 50 hittar som nådde førsteplassen på singellista, og over 150 topp 10-hittar og over 35 000 musikkstykke i ein periode på over fire tiår. Blaine er medlem i Rock & Roll Hall of Fame, Musican Hall of Fame and Museum og Percussive Arts Society Hall of Fame. Han vert rekna som ein av dei mest produktive trommeslagarane gjennom tidene.

Hal Blaine
Hal Blaine in 2008.jpg
Blaine ved trommene i 1995 ved Record Plant
Fødd5. februar 1929(1929-02-05)
FødestadHolyoke i Massachusetts i USA
Død12. mars 2019 (90 år)
DødsstadPalm Desert
FødenamnHarold Simon Belsky
OpphavUSA
Aktiv1940-åra til i dag
SjangerPop, rock and roll
Instrumenttrommer
Tilknytte artistarThe Wrecking Crew
Verka somMusikar

Hal Blaine Strikes Again er eit stempel som Blaine brukte til å stemple noteark og stader han hadde spelt.

Førteplassar han har spelt påEndra





DiskografiEndra

  • 1963 «Deuces, T's, Roadsters and Drums[7]
  • 1966 Drums! Drums! A Go Go[8]
  • 1967 Psychedelic Percussion
  • 1968 Have Fun!!! Play Drums!!![9]

EttermæleEndra

Hal Blaine sine trommer var ein del av Wall of Sound-stilen på the Ronettes-hitten «Be My Baby»,[10] produsert av Phil Spector. Max Weinberg skreiv «Om Hal Blaine berre hadde spelt trommer på the Ronettes sin «Be My Baby», ville ein framleis ha sagt namnet hans med ærefrykt og respekt for krafta i den mektige rytmen hans.»[11]Rolling Stone si liste over dei 500 beste songane gjennom tidene låg denne songen på 22. plassen på lista.

I mars 2000 var Hal Blaine ein av dei første fem studiomusikarane som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Artistar Blaine har spelt forEndra

Somme av dei mest kjende musikarane Blaine har spelt med er mellom andre:

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Hal Blaine» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2015.
  • Blaine, Hal with David Groggin, Hal Blaine and The Wrecking Crew, Mix Books, 1990
  • Whitburn. Joel, Top 40 Hits, Billboard Publications, New York 1992
  1. «Hal Blaine | Credits». AllMusic. 5. februar 1929. Henta 4. februar 2015. 
  2. «The Grassroots official website». The-grassroots.com. Henta 4. februar 2015. 
  3. Blaine, Hal and David Goggin, ‘’Hal Blaine and the Wrecking Crew: The Story of the World’s Most Recorded Musikar’’, MixBooks, Emeryville, CA 1990 p.xviii
  4. Weinberg, Max, ‘’The Big Beat: Conversations with Rock’s Great Drummers’’, Billboard Books, NY 1991, c 1988 p.85
  5. Bronson, Fred (1988). The Billboard Book of NUMBER ONE HITS. New York: Billboard Publications, Inc. s. 223. 
  6. Blaine, Hal; David Goggin (1990). Hal Blaine and the Wrecking Crew. Emeryville, CA: MixBooks. 
  7. «Hal Blaine - Deuces, «T's», Roadsters & Drums (Vinyl, LP, Album) at Discogs». Discogs.com. Henta 4. februar 2015. 
  8. Review, Drums! Drums! A Go Go, artistdirect.com
  9. «Dunhill Album Diskografi». Bsnpubs.com. 17. april 2000. Henta 4. februar 2015. 
  10. Whitburn, Joel (1992). Billboard Book of Top 40 Hits: Revised and Enlarged. New York: Billboard Books. 
  11. Weinberg, Max (1984/1991). The Big Beat: Conversations with Rock's Great Drummers. New York: Billboard Books. s. 75. 

BakgrunnsstoffEndra