Opna hovudmenyen

Al Khor (arabisk الخور), òg skrive Al Khawr, er ein kommune i staten Qatar. Det arabiske namnet Al Khawr tyder bukt. Al-Khor by ligg på nordaustkysten av Qatar, kring 50 kilometer frå hovudstaden Doha og vert rekna som ein av dei store byane i Qatar.[2]

Al Khor
الخور
kommune
Al Khor Archaeological Tower 01.JPG
Al Khor-tårnet
Land Flag of Qatar.svg Qatar
Koordinatar 25°41′ N 51°31′ E
Hovudstad Al Khor by
Areal 1 638,2 km²
Folketal 213 628 (2010) [1]
Folketettleik 130 / km²
Tidssone Austafrikansk tid (UTC+03)
Al Khor i Qatar
Al Khor i Qatar
Wikimedia Commons: Al Khor

Al Khor vart styrt av Al Muhannadi-stamma før sjølvstendet til Qatar i 1971 og vert det framleis. Ein trur at Al Muhannadi-stamma som bur i Al Khawr, oppstod seint på 1800-talet og bestod av sju beduinfamiliar. I dag er dei fleste innbyggjarane i Al-Khawr frå denne stamma. I forhold til turisme er byen kjend for strandhotellet Al-Sultan, eit palass som vart omgjort til hotell, og for dei mange moderne og historiske moskéar. Hovudnæringa i byen er fiske. Den største fotballklubben i byen er Al-Khor SC, som spelar på Al-Khor SC stadion.

Al Khor byEndra

For meir om dette emnet, sjå Al Khor by.

Byen Al Khor ligg 50 kilometer frå sentrum av Doha og mange innbyggjarar her dreg til Al Khor på helgetur. Byen ligg på austkysten, nord for Doha og var tidlegare kjend som eit senter for perleindustrien. Her er òg ei hamn med fiskebåtar og småfartøy. Byen har flotte strender og historiske tårn.[3][4]

SkildringEndra

Namnet Al Khor tyder «havbukt», og bukta i Al-Khor er ei av dei største i Qatar. Bukta ligg på austkysten av Qatar-halvøya . Gjennom åra har bukta vore karakterisert av den enkle og vakre naturen, sjøen, stranda og ørkenen.

Gass- og oljeselskap held til i industriområdet Ras Lafan nær Al Khor by og Al Thakhira. Kommunen har teke ansvar for gjere Al Khor rein og miljøvennleg.

AdministrasjonEndra

Al Khor kommunen vart skipa i 1972 og styrer byen Al Khor i tillegg til andre busetnader i kommunen.[5] Al Khor kommune er delt inn i følgjande administrative soner:[1]

Sone Areal (km²) Folketal (2010)
Simaisma, Al Jeryan, Al Khor by 459.0 80 220
Al Thakhira, Ras Laffan, Umm Birka 550.5 128 574
Al Ghuwariyah 628.6 4 834
Kommune 1638.2 213 628

UtviklingEndra

I dag er han rekna som ein av dei største byane i Qatar med alle moderne tenester som skular, klubbar og General Shamal sjukehus. Eit av dei største olje- og gassanlegga verda ligg i Al-Khor, med Qatar Company for Natural Liquefied Gas, Ras Lafan Company for Natural Liquefied Gas og mange andre petrokjemiske selskap, raffineri, avsaltingsverk og anna. Kvart selskap har ei miljøavdeling for å ivareta miljøet i området.

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «2013 population census» (PDF). Qatar Statistics Authority. Henta 25. oktober 2016. 
  2. [1]
  3. http://www.qatarturisme.gov.qa/dohaandothercities.html?linka_09
  4. Al Khor Guide :: Qatar Visitor
  5. «Al Khor Municipality». Ministry of Municipality and Urban Planning. Henta 31. oktober 2016.