Alabama av Neil Young

Alabama
Song av Neil Young
frå albumet Harvest
Språk engelsk
Utgjeve 1. februar 1972
Innspelt 1971
Sjanger Rock
Lengd 2:03
Selskap Reprise
Tekstforfattar Neil Young
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent Neil Young

«Alabama» er ein song av Neil Young frå albumet Harvest i 1972.

Songen er ein slags oppfølgjar til «Southern Man» frå After the Gold Rush i 1970 og teksten omhandlar fordomane i Sørstatane. Songen er truleg den hardaste songen på albumet og er basert på ein enkel folke-basert melodi.[1] David Crosby og Stephen Stills syng harmonivokal.

Alabama, you got the weight on your shoulders
That's breaking your back.
Your Cadillac has got a wheel in the ditch
And a wheel on the track
Neil Young (1972)

Som ein reaksjon på denne songen og «Southern Man» spelte Lynyrd Skynyrd inn «Sweet Home Alabama» der dei kritiserer Neil Young. Young likte derimot godt denne songen og har sagt han var stolt av å vere nemnd i ein så bra song.[1]

Kjelder endre