Alan Dzagojev
Alan Jelizbarovitsj Dzagojev (fødd 17. juni 1990 i Beslan i Nord-Ossetia) er ein ossetisk-russisk fotballspelar som har spela i forsvar for CSKA Moskva i den russiske fotballigaen. Han har òg landskampar for Russland.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn |
Alan Jelizbarovitsj Dzagojev (russisk: Алан Елизбарович Дзагоев) (ossetisk: Алан Елизбары фырт Дзæгъойты) | ||
Fødd | 17. juni 1990 | ||
Fødestad | Beslan | ||
Høgd | 179 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | CSKA Moskva | ||
Nummer | 10 | ||
Ungdomsklubbar | |||
2002-05 2005 |
Junost Vladikavkaz Jurij Konopljov fotballakademi | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2006-07 2008- |
Krylja Sovetov-SOK CSKA Moskva |
37 (6) 66 (21) | |
Landslag | |||
2008- | Russland | 8 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 3. oktober 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 8. september 2010 |
Dzagojev begynte i juli 2005 på Jurij Konopljov fotballakademi i Toljatti. I 2006 og 2007 spelte han for Krylja Sovetov-SOK på tredje høgste nivå i russisk fotball. Før 2008-sesongen skreiv han kontrakt med toppklubben CSKA Moskva, og kjempa seg inn i startoppstillinga til klubben i den første sesongen sin. Han vart kåra til beste unge spelar i russisk eliteserie same året.
Dzagojev debuterte for Russland sitt A-landslag 11. oktober 2008 som innbytar i ein VM-kvalifiseringskamp mot Tyskland. Han vart dermed Russland sin nest yngste landslagsspelar fram til då.
Bakgrunnsstoff
endre- Alan Dzagojev på FIFA sin offisielle nettstad
- (en) Alan Dzagojev på UEFA si offisielle heimeside