Alan Gowen

Alan Gowen (19. august 194717. mai 1981) var ein fusion/progressiv rock-klaverspelar, mest kjend som medlem av Gilgamesh og National Health.

Alan Gowen
Fødd19. august 1947
FødestadLondon
Død17. mai 1981 (33 år)
OpphavStorbritannia
Aktiv1970–1981
Sjangerprogressiv rock
Instrumentpiano
Verka somkomponist

HistorieEndra

Gowen vart fødd i North Hampstead i London. Han vart medlem av Assagai i 1971 før han skipa Sunship i 1972 med Jamie Muir (trommer, òg from Assagai) og Laurie Baker (bass). Bandet inkluderte òg Allan Holdsworth på gitar.

Han skipa Gilgamesh i 1973 og byrja eit samarbeid med Hatfield and the North, som til slutt førte til at National Health vart skipa med Hatfield and the North-klaverspelaren Dave Stewart i 1975. Gowen slutta i National Health i 1977, men kom attende ei kort stund for innspelinga av det førte albumet deira.

I 1978 skipa Gowen Soft Heap med Elton Dean, Hugh Hopper og Pip Pyle. Med Dave Sheen som erstattar for Pyle, turnerte bandet som Soft Head sommaren 1978. Han spelte òg inn eit andre album med Gilgamesh det året.

Gowen vart med att i National Health i 1979-1980 og spelte samstundes i Soft Heap på denne tida. Before a Word is Said (1981) vart spelt inn med Richard Sinclair (bass, ei kort stund i Gilgamesh), Phil Miller (gitar, frå National Health) og Trevor Tomkins (trommer, frå Gilgamesh), var det siste albumet Gowen spelte inn før han døydde av leukemi i 1981.

DiskografiEndra

  • 1975 Gilgamesh - Gilgamesh
  • 1978 National Health - National Health
  • 1978 Soft Head - Rogue Element
  • 1978 Gilgamesh - Another Fine Tune You've Got Me Into
  • 1979 Soft Heap - Soft Heap
  • 1980 Hugh Hopper & Alan Gowen - Two Rainbows Daily (CD reissue includes one half of 1980 live recording with Nigel Morris)
  • 1981 Alan Gowen, Phil Miller, Richard Sinclair, Trevor Tomkins - Before A Word Is Said
  • 1982 National Health - D.S. al Coda (hyllest til Gowen med hans komposisjonar)
  • 1995 National Health - Missing Pieces (innspelinga frå 1975-6)
  • 1996 Alan Gowen & Hugh Hopper - Bracknell-Bresse Improvisations (duoinnspeling frå 1978)
  • 2000 Gilgamesh - Arriving Twice (innspelingar frå 1973-5)
  • 2001 National Health - Playtime (innspelingar frå 1979)
  • 2008 Soft Heap - Al Dente (konsertopptak frå 1978)

KjelderEndra