Opna hovudmenyen

Leukemi eller levkemi er kreft i beinmerg, lymfeknutar eller andre stader som produserer kvite blodlekamar (leukocyttar). Leukemi er i dag heller eit samnamn enn ein spesifikk sjukdom.

TyparEndra

Leukemi vert delt inn i akutt og kronisk form. Det finst fire hovudtypar av leukemi.

Hjå vaksne er AML og KML vanleg, medan ALL er mest vanleg hjå born.

Ved akutte leukemiar skjer ein rask tilvekst av umogne blodlekamar. Den unormale tilveksten gjer at beinmergen ikkje kan produsera normale blodlekamar. Akutte former for leukemi er mest vanleg hjå born og yngre vaksne.

Kroniske leukemiar har ei sakte oppbygging av store mengder av mogne, men unormale blodlekamar. Akutt leukemi må takast til behandling straks, men det hastar ikkje fullt så mykje med kroniske leukemiar.

SymptomEndra

Skadar på dei bloddannande organa resulterer i mangel på blodplater, som er viktige i blodlevringsprosessen. Dette gjer at personar med leukemi kan få blåmerke eller blødningar. I tillegg gjer sjukdommen pasienten andpusten og trøytt. (Raude blodlekamer) trengst for å transportera oksygen rundt i kroppen. Bein- eller leddsmerter kan oppstå. Hovudverk og oppkastanfall kan tyda på at kreften har spreidd seg til sentralnervesystemet.

Ved kronisk myelogen leukemi er milten ofte forstørra. Forstørra lymfekjertlar er det vanlegaste kliniske teiknet for kronisk lymfatisk leukemi.

BehandlingEndra

Ofte vert leukemi behandla med cellegift og stråling. Båe metodane vert òg nytta i kombinasjon med kvarandre. Nokre gonger er beinmergstransplantasjon naudsynt. Ny frisk beinmerg kan atterskapa(?) eit funksjonelt immunforsvar.

KjelderEndra