Albert Hustin (15. juli 188212. september 1967) var ein belgisk lege som oppdaga korleis ein kunne konservera blod og utførte den første ikkje-direkte blodoverføringa.

Albert Hustin
Statsborgarskap Belgia
Fødd 15. juli 1882
Ethe
Død

12. september 1967 (85 år)
Brussel

Yrke lege
Medlem av Royal Academy of Medicine of Belgium

Hustin var fødd i Ethe, ein liten landsby i Gaume i den belgiske Luxembourg-provinsen. Han studerte medisin ved Université libre de Bruxelles, der han blei assistent for den vidkjende kirurgen Antoine Depage.

Medan Albert Hustin prøvde å finna ein kur for kullosforgifting ved å reinsa blodet med oksygen utanfor kroppen. Problemet var at blodet koagulerte. Hustin følgde opp koaguleringsstudia til Jules Bordet og Octave Gengou, og kjende til dei antikoagulerande eigenskapane til bordsalt og glukose. Begge desse stoffa hadde biverkningar som gjorde at ein ikkje ville kunna bruka blodet etter å bruka dei. Natriumsitrat var kjend for å stabilisera harpiksstoffet mastiks, men blei no også prøvd med blod. Dette gav gode resultat.

Etter fleire dyreforsøk ved Institut Solvay hadde Albert Hustin utforma eit system for indirekte blodoverføring. 27. mars 1914 kunne han gjera det første forsøket med menneske, ein pasient som hadde hatt store indre blødningar. Hustin tok trikken til Saint-Jean-sjukehuset medan han heldt flaska med ukoagulert blod varm mellom føtene. Metoden var ein suksess, og revolusjonerte behandling under første verdskrigen og seinare.

I november same året utførte den argentinske legen Luis Agote, som arbeidde sjølvstendig frå Hustin, også ei indirekte blodoverføring der han brukte natriumsitrat til å hindra koagulering.

Ein av dei første som utførte blodoverføringar i stor skala var Antoine Depage, i militærsjukehuset l’Océan i La Panne. Blodoverføringar blei utbreidde for å behandla soldatar under første verdskrigen, men var like gjerne direkte overføringar som moderne, indirekte overføringar.

Kjelder endre