Dykh-Tau

Dykh-Tau eller Dykhtau (russisk Дыхтау) er eit 5 204 m høgt fjell i Kabardino-Balkaria i Russland, om lag 5 km nord for grensa til Georgia. Fjellet er det nest høgaste i Kaukasus (etter Elbrus), og om ein reknar Kaukasus nord for hovudkammen til Europa, det nest høgaste fjellet i Europa.

Dykh-Tau
fjell
Dykhtau.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Område Kabardino-Balkaria
Fjellkjede Kaukasus
Høgd 5 205 moh.
Primærfaktor 2 002 m
Koordinatar 43°3′N 43°8′E

Dykh-Tau
43°3′9″ N 43°7′54″ E
Wikimedia Commons: Dykh-Tau

TilkomstEndra

Dykh-Tau er lettast å nå frå nord (Russland). Ein kan kome til kandsbyen Bezingi frå Naltsjik i Kabardino-Balkaria med offentleg transport. Fjelleiren ved Bezingi ligg 2180 moh. Frå her tar det vidare to dagar for å nå basen. Frå her tar det vidare to dagar å nå basen for å klatre opp fjellet.[1]

KlatreruterEndra

Dette er ein av dei store toppane i Kaukasus og ligg ved den store Bezingiveggen Bezingibreen. Den første klatringa vart gjort i 1888 av Albert Mummery og Zarfluh. Ruta deira opp sørvestryggen vert ikkje lenger nytta som normalruta, som no er nordryggen.

KjelderEndra

  1. Robin Collomb og Andrew Wielochowski (1993). «Caucasus from Elbrus to Kazbek». 

BakgrunnsstoffEndra