Alberte Bekkhus

norsk politikar

Alberte Tennøe Bekkhus (fødd 19. september 1999) er ein norsk ungdomspolitikar som i 2020 blei vald til leiar for Raud Ungdom (RU).[1] Før ho blei leiar i Raud Ungdom var Bekkhus høvesvis studieansvarleg og feministisk ansvarleg i ungdomspartiet.

Alberte Bekkhus

Fødd19. september 1999 (25 år)
Moss kommune
Statsborgar avNoreg
PartiRaudt
Yrkepolitikar, aktivist
VervLeiar i Raud Ungdom 2020
FøregangarTobias Drevland Lund

Bekkhus er oppvaksen i Moss i Østfold der ho har vore aktiv i lokalpolitikken, som leiar i Moss Raud Ungdom og Moss Natur og Ungdom.

Politikk

endre

Bekkhus var medansvarleg for haldningskampanjen til Raud Ungdom i 2019, «Feministruss». Kampanjen hadde som mål å mobilisere mot kvinnefiendslege haldningar, ritual og generell ukultur under russefeiringa.[2]

I 2016 deltok Bekkhus saman med andre aksjonistar frå Natur og Ungdom og Raud Ungdom i ein sivil ulydnadsaksjon i Førdefjorden, der målet var å forhindre industriføretaket Nordic Mining i å prøvebore etter rutil og deretter dumpe gruveslam i eit sjødeponi.[3] Som RU-leiar har ho markert seg med tydeleg støtte til LHBT-rettar, og gått ut mot transfobi.[4] Vidare har ho vore tydeleg mot NATO og for styrking av norsk forsvar,[5] for rettferdig pensjon,[6] for køyreopplæring som valfag,[7] for rusreform[8] og for havvindkraft og anna klimapolitikk.[9]

Kjelder

endre
  1. Nøttveit, Andrea Rygg (19. mars 2020). «Alberte (20) vart vald til ny leiar i Raud Ungdom via nettavstemming». Framtida. Henta 14. mars 2021. «Raud Ungdom skulle eigentleg ha landsmøte der dei skulle velje ny leiing denne veka. I staden for å utsetje valde dei å stemme fram den nye leiaren via nett tysdag 17. mars. Alberte Bekkhus frå Moss har sitte i sentralstyret sidan 2018, der ho mellom anna har vore feministisk ansvarleg. Ho tek over etter Tobias Drevland Lund, som har sitte som leiar sidan 2018.» 
  2. Andresen, Frode (6. april 2019). «Alberte (19): – Helt sykt». Dagbladet (på norsk). Henta 14. mars 2021. «Alberte Bekkhus i Rød Ungdom forteller at 1100 personer har skrevet under på holdningskampanjen «Feministruss».» 
  3. Snilsberg, Torgeir (19. oktober 2017). «Alberte rørt av støtten etter aksjonistdommen». Moss Avis (på norsk). Henta 14. mars 2021. «Den nå 18 år gamle kvinnen ble dømt til å betale et forelegg på 10.000 kroner, samt 1000 kroner i saksomkostninger, etter at hun i februar i 2016 prøvde å hindre Nordic Mining i å prøvebore etter rutil for senere å dumpe inntil 300 millioner tonn gruveslam i et sjødeponi i Førdefjorden.» 
  4. Bekkhus, Alberte T. (4. februar 2021). «Kronikk: Transfobi hindrer kvinnekampen». VG (på norsk). Henta 14. mars 2021. «Dersom kvinnebevegelsen lar døra stå åpen for transfober i feministforkledning, på bekostning av transkvinner, er det å motarbeide egen sak. Det er å gjøre livet farligere for transpersoner, det er å snevre inn de allerede trange kjønnsnormene og det er å fremmedgjøre og å utestenge feministiske aktivister. Man kan ikke kalle seg feminist dersom man er transekskluderende. Feminisme betyr likestilling og frigjøring for alle.» 
  5. Revheim-Rafaelsen, Mathias (1. mars 2022). «Vil bruke mer penger på forsvar og beredskap». Journalen (på norsk). Henta 15. juli 2022. «Rød Ungdom mener at Norge på sikt må trekke seg ut av Nato. Bekkhus understreker likevel at det er en diskusjon som ikke er aktuell å ta nå, med situasjonen verden står i.» 
  6. Bekkhus, Alberte (17. juni 2022). ««Vi treng eit ungt pensjonsopprør!»». Framtida. Henta 15. juli 2022. «Det er kanskje ikkje overraskande at dette er konklusjonane frå eit utval beståande av professorar, direktørar og andre frå «fiffen» – men det er ikkje mindre alvorleg av den grunn. Etter eit langt liv i arbeid, er det minste vi kan krevja ein leveleg pensjon og at vi skal få gå av før kroppane våre går kaputt. Det kostar pengar – men det er noko det er verdt å bruka pengar på.» 
  7. Hütt, Maren Olava Ask (10. juni 2022). «Vil ha lappen som valgfag». VG (på norsk). Henta 15. juli 2022. «Leder i Rød Ungdom, Alberte Bekkhus (22) tror kostnaden av å få kjøreopplæringen inn i skolen vil være verdt det.» 
  8. Svenneby, Ola; Hoem, Astrid Willa Eide; Hansmark, Sondre; Brännström, Andreas; Snyen, Synnøve Kronen; Holtvedt, Hulda; Bekkhus, Alberte T.; Tande, Mikkel Ihle (16. mars 2021). «Århundrets feilinvestering». NRK (på norsk). Henta 22. mars 2023. «Å straffe rusavhengige har vært et gigantisk feilgrep. Rusreformen vil gjøre det enklere å forebygge problemene.» 
  9. Thommessen, Julia Kirsebom; Lydersen, Trond (6. mars 2021). «Rødt fjerner sluttdato for norsk oljeproduksjon». NRK (på norsk). Henta 15. juli 2022. «Rød Ungdoms (RU) leder Alberte Bekkhus er svært skuffet over at moderpartiet nå sier nei til havvind de neste fire årene, og at de går bort fra å sette en sluttdato for norsk oljeproduksjon.»