Rutil
Rutil er eit mineral som består av titandioksid, TiO2. Det inneheld vanlegvis nokre prosent jarn og har då oftast ein raud eller brun farge. Reint titandioksid er kvitt.
Rutil | |||
Vinraude rutilkrystallar frå Binndalen i Sveits (Storleik: 2.0 x 1.6 x 0.8 cm) | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Oksydmineral | ||
Kjemisk formel | TiO2 | ||
Strunz-klassifisering | 04.DB.05 | ||
Krystallsymmetri | Tetragonal ditetragonal dipyramidal H-M-symbol: (4/m 2/m 2/m) Romgruppe: P 4/mnm | ||
Einingscelle | a = 4.5937 Å, c = 2.9587 Å; Z = 2 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | raudbrun, raud, bleik gul, lyseblå, fiolett, sjeldangrasgrøn; svart om høgt innhald av Nb–Ta | ||
Krystallform | Nåleforma til prismatiske krystallar, langstrekte og stripete parallell til [001] | ||
Krystallsystem | Tetragonal ditetragonal dipyramidal | ||
Tvilling | Vanleg på {011}, eller {031}; som kontakttvillingar med to, seks, eller åtte individuelle, syklisk, polysyntetisk | ||
Kløyv | {110} god, 100 moderate, deling på {092} og {011} | ||
Brot | Ujamn til delvis muslig | ||
Mohs hardleiksskala | 6.0 - 6.5 | ||
Glans | Diamantaktig til submetallisk | ||
Strekfarge | Lyseraud til mørkeraud | ||
Transparens | Ugjennomsiktig, gjennomsiktig i tynne fragment | ||
Spesifikk vekt | 4.23 aukande med innhald av Nb–Ta | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (+) | ||
Brytingsindeks | nω = 2.613 nε = 2.909 (589nm) | ||
Dobbeltbryting | 0.296 (589nm) | ||
Pleokroisme | Svak til tydeleg brunraud-grøn-gul | ||
Dispersjon (spreiing) | kraftig | ||
Smeltbarheit | Smeltbar i alkalikarbonat | ||
Oppløyselegheit | Uoppløyseleg i syrer | ||
Kjelder | [1][2][3][4] |
Rutilnåler finst ofte inneslutta i kvarts (rutilkvarts, blåkvarts, rosenkvarts). To andre og sjeldnare mineral har same samansetjing, men ulik struktur: anatas og brookitt. Dette vert kalla polymorfi.
Rutil er særs utbreidd i magmatiske og metamorfe bergartar og kan dessutan finst anrika i sandavleiringar. Ein finn større mengder av mineralet fleire stadar på gabbroar i Sør-Noreg, og fleire stadar har det vore drift på mineralet, bl.a. i Kragerø.
Rutil vert nytta til å framstille porselensfargar, titanmetall og diverse titansambindingar. Klåre rutilkrystall blir framstilt kunstig og blir nytta som smykkestein med handelsnamnet titania.
Rutil blir brukt til å framstille rein titandioksid, TiO2, som er eit kvitt pulver. Det blir brukt som kvitt fargepigment i bl.a. maling og iskrem, og framstilling av elektrodar til sveiseapparat.[5] Titandioksid har E-nummer E171.[6]
Rutil blir også framstilt frå ilmenitt, FeTiO3, som blir utvunne ved Titania i Sokndal i Rogaland. Ilmenitten blir smelta til rutil og jern ved ilmenittverket i Tyssedal og foredla til rutilpulver ved Kronos Titan i Fredrikstad.
Den største kjente rutilførekomsten i Noreg finst i Engebøfjellet i Førdefjorden. Denne inneheld minst 380 millionar tonn malm eller 15 millionar tonn rein rutil.[7]
Nordic Mining har søkt om løyve til å utvinne denne. Prosjektet er sterkt omstridd, særleg fordi det innebærer å deponere store mengder avgang i Førdefjorden. Regjeringa har våren 2015 godkjent reguleringsplan og gitt utsleppsløyve, men det manglar framleis løyve til uttak av vatn og driftskonsesjon.
Kjelder
endre- ↑ Handbook of Mineralogi
- ↑ Webmineral data
- ↑ Mindat.org
- ↑ Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, 1985, Manual of Mineralogi, 20th ed., John Wiley and Sons, New York, p. 304-305, ISBN 0-471-80580-7
- ↑ Arctech. Rutile Electrodes Arkivert 2008-12-21 ved Wayback Machine.; Nordic Mining. Engebøfjellet – Europas nye titanressurs[daud lenkje] (PDF)
- ↑ Department of Food Biosciences, University of Reading, UK. E Number List
- ↑ Sogn og Fjordane fylkeskommune. Naustdal – Reguleringsplan med konsekvensutgreiing for uttak av rutil i Engebøfjellet
- Raade, Gunnar. «Rutil» (11. mars 2012), Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Rutil» frå Wikipedia på bokmål, den 12. november 2014.