Albysjön i Tyresö
Albysjön er ein innsjø i Tyresö kommune, i landskapet Södermanland i Sverige.
Albysjön | |||
innsjø | |||
Nordaustover langs Nyforsviken med Albysjön i bakgrunnen
| |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Tyresö-Flaten, Grändalssjön | ||
Utløp | Kalvfjärden | ||
Høgd over havet | 13,7 moh. | ||
Koordinatar | 59°13′41.1″N 18°17′4.2″E / 59.228083°N 18.284500°E | ||
Byar | Tyresö | ||
Albysjön i Tyresö 59°13′41″N 18°17′04″E / 59.228055555556°N 18.284444444444°E | |||
Wikimedia Commons: Albysjön, Tyresö |
Tilløpet til innsjøen kjem hovudsakleg gjennom Tyresö-Flata via Wättingeströmmen, Grändalssjön og Fnyskbäcken. Utløpet går til Kalvfjärden i Austersjøen via dei to elvene Fatburen og Follbrinkströmmen, og Uddby kvarn.
Innsjøen er kraftig overgrodd, men fosforverdiane i innsjøen har minka sidan slutten av 1970-talet, då reinseverket i Tyresån-vassdraget vart avløyst av Henriksdals vattenreningsverk i Nacka.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Albysjön (Tyresö)» frå Wikipedia på bokmål, den 13. juni 2012.