Tyresö-Flaten er ein innsjø i Tyresö kommun i landskapet Södermanland i Sverige, og Tyresån-vassdragets djupaste innsjø med sine 25 meter. Innsjøens tilløp kjem frå Långsjön via Gammalströmmen, og utløpet går til Albysjön via Nyfors.

Tyresö-Flaten
innsjø
Tyresö-Flaten, sett frå ei høgd søraust for Nyfors.
Land  Sverige
Tilsig Gammalströmmen, Prästängsdiket
Utløp Nyfors
Høgd over havet 18,9 moh.
Lengd 0,98 km
Breidd 0,59 km
Areal 0,36 km²
Middeldjupn 12,5–25 m
Volum 4,52 millionar km³
Kystlengd1 4,35 km
Kart
Tyresö-Flaten
59°13′20″N 18°15′45″E / 59.222222222222°N 18.2625°E / 59.222222222222; 18.2625
Wikimedia Commons: Tyresö-Flaten
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Innsjøen er særs næringsrik, noko som kjem av gamle avløpssynder, men òg på grunn av stor tilførsel av overflatevatn frå nærliggande tettbusetnad (Krusboda), samt oppstraumsliggande innsjøar i Tyresö, Haninge, Huddinge og Stockholm.

I Tyresö-Flaten er det forbode med motorbåttrafikk, og Tyresö fiskevårdsförening administrerer fiske og fiskekort. Ein stor del av innsjøen er eigd av Stockholm by. Sørbreidda, som går frå Gammalströmmen fram til utløpet i Nyfors, er ein del av avgrensinga mot Tyresta nasjonalpark.

Bilete

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre

59°13′20″N 18°15′45″E / 59.22222°N 18.26250°E / 59.22222; 18.26250