Opna hovudmenyen
Aldra
Aldra med Aldertind sett frå Aldersundet. Foto tatt 8. oktober, 2005
Aldra med Aldertind sett frå Aldersundet. Foto tatt 8. oktober, 2005
Geografi
Norway - Aldra.png
Stad Helgeland
Koordinatar 66°24′30″N 13°04′16″EKoordinatar: 66°24′30″N 13°04′16″E

Areal 24 km²

Høgaste punkt Hjarttinden (967 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Aldra er ei øy i Lurøy kommune i Nordland. Ho har eit areal på 24 km², og er med det den største øya i kommunen. Aldra er den austlegaste av dei større øyane i Lurøy, skilt frå fastlandet (Bratland) i aust av det smale sundet Aldersundet. Vest for Aldra ligg Stigfjorden med øya Stigen på andre sida. Det er busettingar både på austsida av øya mot fastlandet og på vestsida mot Stiffjorden på Stuvland.

Det høgaste punktet på øya er Hjarttinden på 967 meter over havet. Det er tre høge toppar på øya. Hjarttinden ligg sør på øya, midt på øya ligg Ørnestinden som er 839 moh. Aust på øya mot Aldersundet ligg Aldertinden på 774 moh. Skaret Alderskardet går tvers over øya frå Aldersundet nordvest til Stuvland, med Ørnestinden sørvest for skardet og Aldertinden nordaust.

Postnummeret til Aldra er 8732 ALDRA.

BakgrunnsstoffEndra