Stigen
øy i Lurøy, Nordland
- Denne artikkelen handlar om øya på Helgeland. For tettstaden i Sverige, sjå Stigen i Dalsland.
Stigen (stundom kalla Austre Lurøy) er ei øy i Lurøy kommune på kysten av Helgeland i Nordland. Øya har eit areal på 13,5 km² og om lag 5 innbyggjarar. Det høgaste punktet på øya er på 380 meter over havet og heiter òg Stigen.
Stigen | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Helgeland |
Koordinatar | 66°25′10″N 12°55′44″E / 66.41944°N 12.92889°E
|
Areal | 13,5 km²
|
Høgaste punkt | Stigen (350 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Nordland
|
Demografi | |
Folketal | 5 |
Folketettleik | 0,4 /km² |
Aust for Stigen ligg Stigfjorden med øya Aldra på andre sida av fjorden. I vest ligg øyane Lurøya og Onøya.
Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.