Aleh Negev (hebraisk skrift עָלֶה נֶגֶב) er ein rehabiliteringslandsby for handikappa barn og vaksne sør i Israel. Han ligg nær Ofakim og høyrer til Merhavim regionale kommune. Landsbyen er eit større anlegg spesialdesigna for folk over 21, som er fysisk eller mentalt utfordra, og for barn som treng hjelp sør i Israel. Landsbyen er heimstad til 220 innbyggjarar som gjev tenester til 12 000 pasientar. Han vart grunnlagd av organisasjonen Aleh. Landsbyen er òg kalla Nahalat Eran etter Eran Almog, ein autistisk son av generalmajor Doron Almog. Eran Almog budde i landsbyen fram til han døydde av sjukdom.[1]

Aleh Negev
landsby
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Nordvest-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Merhavim
Koordinatar 31°18′50.61″N 34°35′41.12″E
Grunnlagd 2003
 - Grunnlagd av Aleh
Israel location map.svg
Locator Red.svg

KjelderEndra

  1. http://www.ynetnews.com/articles/0 7340,L-3362750,00.html

BakgrunnsstoffEndra