Aleksandr Almetov

Aleksandr Davletovitsj Almetov (18. januar 194021. september 1992) var ein sovjet-russisk ishockeyspelar som vart olympisk meister 1964 og verdsmeister 1963, 1965, 1966 og 1967.

Aleksandr Almetov
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 18. januar 1940
Kyiv
Død

21. september 1992 (52 år)
Moskva

Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1964, Vinter-OL 1960

Utmerkingar

Arbeidets røde fanes orden, Idrettens mester i Sovjetunionen

Almetov var senterløpar og skåra 75 mål på sine 107 landskampar for Sovjetunionen i perioden 1960-67. Han fekk bronsemedalje i Vinter-OL 1960 og Ishockey-VM 1961. I 1962 boikotta Sovjetunionen i verdsmeisterskapen, deretter vann Almetov og det sovjetiske landslaget Ishockey-VM 1963, Vinter-OL 1964 og verdsmeistereskapen i 1965, såvel som i 1966 og 1967.

Almetov spelte på CSKA Moskva i tida frå 1958 til 1967. Sju av desse ni sesongane vart han sovjetisk seriemeister.

Kjelder endre