Kyiv

by og hovudstad i Ukraina

Kyiv eller Kiev (ukrainsk Київ, Kyjiv, russisk Киев, Kijev)[1][2] er hovudstaden og den største byen i Ukraina, han ligg nord i det sentrale Ukraina ved elva Dnepr. Byen er ei eiga administrativ eining, men er administrasjonsstad for området kring, Kyiv oblast. Byen har offisielt kring 2,8 millionar innbyggjarar (2010), men på grunn av mange ikkje registrerte innflyttarar vert det rekna med at byen har kring 4 millionar innbyggjarar. Kiev er eit viktig senter i Aust-Europa for industri, vitskap, utdanning og kultur. Mange høgteknologiske industriar og høgare utdanningsinstitusjonar ligg i byen, i tillegg til verdskjende historiske landemerke. Byen har ein omfattande infrastruktur og eit høgt utvikla kollektivtilbod, inkludert Kyiv Metro. I helgene vert sentrum stengt for biltrafikk, til føremon for fotgjengarane.

Kyiv, Kiev
Київ, Киев
by
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Høgd 179 moh.
Koordinatar 50°27′00″N 30°31′24″E
Areal 839 km²
Folketal 2 797 553  (2010)
 - storby 3 648 000
Folketettleik 3 334 / km²
Grunnlagd 400-talet
Borgarmeister Vitalij Klytsjko
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 01xxx-04xxx
Retningsnummer +380 44
Bilnummer AA (før 2004: КА, КВ, КЕ, КН, КІ, KT)
Kart
Kyiv
50°27′0″ N 30°31′25″ E
Wikimedia Commons: Kyiv
Nettstad: kmr.gov.ua
Mikaelskatedralen i Kiev

Namnet Kyiv eller Kiev er sagt å kome frå namnet Kyj, ein av dei fire legendariske grunnleggjarane av byen (brørne Kyi, Sjtsjek, Khoryv og systera Lybid). I løpet av historia har Kyiv, ein av dei eldste byane i Aust-Europa, gått gjennom fleire periodar som viktig senter og periodar som ein nesten gløymd stad. Byen oppstod truleg som eit handelssenter så tidleg som 400-talet. Byen var ein slavisk stad styrt av khazarar langs den store handelsruta mellom Skandinavia og Konstantinopel[3] fram til han vart erobra av væringar (vikingar) på midten av 800-talet. Under styret til væringane vart byen hovudstad i Kievriket, den første austslaviske staten. Skal ein tru Nestorkrønika, herska dei to skandinaviske høvdingane Askold og Dir over Kyiv på 860-talet. I 878 blei byen erobra av Oleg, etterfølgaren til Rurik som fyrste i Novgorod. Gjennom 900-, 1000- og 1100-talet var Kyiv senteret i det russiske riket, men allereie i andre halvdelen av 1000-talet var det klåre teikn til at rikseinskapen var i ferd med å gå tapt. Etter kvart blei underfyrsten Vladimir sterkare enn Kiev-fyrsten. Han vart totalt øydelagd under Mongolinvasjonen i 1240 og byen vart mykje mindre viktig dei neste hundreåra. Han var ein provinshovudstad i utkanten av områda kontrollerte av dei mektige naboane sine, først Storhertugdømet Litauen, så Polen og Russland.[4]

Byen blømde igjen under den industrielle revolusjonen i Det russiske imperiet seint på 1800-talet. I 1917, etter at Den ukrainske nasjonalrepublikken erklærte sjølvstendet sitt frå Det russiske imperiet, vart Kiev hovudstaden. Og frå 1921 og frametter var Kyiv ein viktig by i Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken, og frå 1934 hovudstaden i republikken. I løpet av andre verdskrigen vart byen igjen utsett for stor øydelegging, men vart raskt bygd opp att i etterkrigsåra og vart den tredje største byen i Sovjetunionen. Etter oppløysinga av Sovjetunionen og sjølvstendet til Ukraina i 1991 vart Kyiv verande hovudstaden i landet.

Byen har eit universitet, som vart grunnlagt i 1834. I tillegg finst det 17 høgskular, 25 museum, eit planetarium, teater, botaniske og zoologiske hagar i byen.

Historie endre

Byen vart truleg grunnlagt allereie på 400-talet, då som ein utpost i Khazarriket. Han vart seinare sentrum i den austslaviske sivilisasjonen, og vart hovudstad i Kievriket frå 800-talet. Under stordomstida til byen var han ein av dei største i Europa, og hadde over 100 000 innbyggjarar. Gullalderen tok ein definitiv slutt då byen vart øydelagt under mongolinvasjonen av Russland.

I 1321 vart byen erobra av Gediminas av Litauen, og vart lagt under Storhertugdømet Litauen. Frå 1569 låg han under Det polsk-litauiske samveldet, før byen kom under russisk styre midt på 1600-talet.

Kiev vart etterkvart ein av dei viktigaste byane i Det russiske imperiet. Etter første verdskrigen og Oktoberrevolusjonen i 1917 vart byen eit stridstema i samband med oppløysinga av det russiske imperiet, og var krigsskodeplass både i den russiske borgarkrigen og under den polsk-sovjetiske krigen. I 1921 vart byen med i ukrainske SSR og Sovjetunionen, frå 1934 som hovudstad i den ukrainske sovjetrepublikken.

Samfunn endre

Politikk endre

Kiev har ein spesiell administrativ status i Ukraina. Byen er ikkje underlagt det omliggande Kyiv oblast, men er som forvaltningsledd direkte underlagt staten. Samstundes blir den politiske leiinga i byen vald direkte, i motsetnad til i resten av landet der han blir utpeikt av staten. Sidan 2014 har Vitalij Klytsjko vore ordførar.

Byen er delt inn i di rajonar (distrikt eller bydelar), med eit visst politisk sjølvstyre.

Utdanning endre

Byen har eit universitet grunnlagt i 1834. Dessutan har byen 17 høgskular.

Turistmål endre

Kyiv har 25 museum, eit planetarium, teater og fleire botaniske og zoologiske hagar i byen. Eit av dei mest kjende landemerka er Den store fedrelandskrigen-museet med statuen Rodina-mat på toppen. Inklusive sokkelen er monumentet heile 102 meter høgt, og den fjerde største i verda av sitt slag. Kiev-operaen er òg berømt, og er blant dei beste operahusa i det tidlegare Sovjetunionen.

Grotteklosteret og St. Sofia-katedralen er begge på verdsarvlista til UNESCO.

Samferdsel endre

Kyiv har eit godt utbygd kollektivnett. Store delar av byen blir dekt av tunnelbanen (Kiev Metro), som har 45 stasjonar. T-banesystemet er under stadig utviding. I tillegg til T-banen har Kiev bussar, trolleybussar og trikk.

Drosjesystemet i Kyiv er dårleg regulert, og det er ingen offentleg fastsett kilometertakst. Byen har òg mange meir eller mindre uformelle drosjar.

Hovudflyplassen i Kyiv er Boryspil internasjonale lufthamn, som ligg i forstaden Boryspil 29 kilometer austom sentrum.

Klima endre

Kyiv har eit fuktig kontinentalklima (Köppen Dfb)[5]. Dei varmaste månadane er juni til august, med middeltemperaturar frå 13,8 til 24,8 °C. Dei kaldaste månadane er desember til februar med middeltemperatur frå -4,6 til -1,1 °C. Varmerekorden i byen er 39,4 °C frå den 31. juli 1936. Kulderekorden i byen er -32,2 °C frå den 7. og 9. februar 1929. Snødekkjer ligg vanlegvis i byen frå midten av november til slutten av mars og frostperioden varer i snitt 180 dagar, men kan somme år gå over 200 dagar.

Vêrdata for Kiev
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 11,1 17,3 22,4 30,2 33,6 35 39,4 39,9 33,8 27,9 23,2 14,7 39,9
Gjennomsnittleg maks °C −0,9 0 5,6 14 20,7 23,5 25,6 24,9 19 12,5 4,9 0 12,5
Døgnmiddeltemperatur °C −3,5 −3 1,8 9,3 15,5 18,5 20,5 19,7 14,2 8,4 1,9 −2,3 8,4
Gjennomsnittleg min °C −5,8 −5,7 −1,4 5,1 10,8 14,2 16,1 15,2 10,2 4,9 0 −4,6 4,9
Lågast målte °C −31,1 −32,2 −24,9 −10,4 −2,4 2,4 5,8 3,3 −2,9 −17,8 −21,9 −30 −32,2
Gjennomsnittleg nedbør mm 36 39 36 46 57 82 72 61 58 40 48 44 619
Gns. dagar med regn 8 7 9 13 14 15 14 11 14 12 12 9 138
Gns. luftfukt (%) 83 80 74 64 62 67 68 67 74 77 85 86 74
Gns. solskinstimar i månaden 31 56,5 124 180 279 270 310 248 210 155 60 31 1 954,5
Kjelde: Pogoda.ru.net[6]BBC weather (sun values).[7]


Folkesetnad endre

 
Typisk forstad i Kiev.

Folk frå Kyiv endre

Kjelder endre

  1. «Utanlandske stadnamn: A–Å», Språkrådet, henta 13. august 2021 
  2. «Kyiv og andre navn i Ukraina», Språkrådet (på norsk bokmål), henta 25. februar 2022 
  3. Columbia Encyclopedia, article Kiev
  4. «Kiev i Ukraina – Britannica Online Encyclopedia». Encyclopædia Britannica. Henta 9. september 2012. 
  5. Kottek, M.; Grieser, J.; Beck, C.; Rudolf, B.; Rubel, F. (2006). «World Map of the Köppen-Geiger climate classification updated» (PDF). Meteorol. Z. 15 (3): 259–263. doi:10.1127/0941-2948/2006/0130. Henta 9. september 2012. 
  6. «Pogoda.ru.net» (på russisk). Henta 3 July 2012. 
  7. BBC Weather: Kiev, BBC. Retrieved 3 July 2012.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kyiv