Aleksej Kasatonov

Aleksej Viktorovitsj Kasatonov (fødd 14. oktober 1959) er ein russisk tidlegare ishockeyspelar fødd i dåverande Leningrad. Han vann i tida 1981-89 fem VM-pokalar med Sovjetunionen og vart elles olympisk meister i 1984 og 1988.

Aleksej Kasatonov


Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen
Fødd 14. oktober 1959 (64 år)
St. Petersburg
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1980

Utmerkingar

Æresordenen, Ærestegnets orden, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Arbeidets røde fanes orden, Medaljen for utmerket arbeid, Idrettens mester i Sovjetunionen, Aleksander Nevskij-ordenen

Forsvarsspelaren Kasatonov vart verdsmeister 1981-83, 1986 og 1989 med det sovjetiske ishockeylandslaget. Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo var han med om å vinne gullmedaljen, ein prestasjon han og laget gjentok ved Vinter-OL 1988 i Calgary.

Kasatonov var aktiv på laget frå heimbyen, SKA Leningrad, frå 1977 til -79. Deretter gjorde han teneste i CSKA Moskva, den suverene einaren i det sovjetiske seriesystemet. Frå 1990 til 1996 spelte han ishockey i Nord-Amerika, lengst med New Jersey Devils åra 1990-93 og Boston Bruins 1994-96. Kasatonov avslutta si tid som aktiv spelar i 1997, etter ein siste sesong på CSKA Moskva.

Kjelder endre