Permskaja oblast
(før 1.desember 2005)  

Perm oblast sitt flagg Perm oblast sitt våpen
Perm oblast sitt flagg Perm oblast sitt våpen
Perm oblast på kartet over Russland
Hovudstad Perm
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 31.

160 237 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 15.

ca. 2 820 000 (2002)
ca. 17,6/km²

Føderalt distrikt Privolzjskij (Volga)
Økonomisk region Ural
Regionsnummer 59
Offisielt språk Russisk
Guvernør Oleg Anatoljevitsj Tsjirkunov
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0500

Perm oblast (russisk skrift Пермская область) var inntil 1. desember 2005 ein provins (oblast) i Russland og eit av dei 89 føderale subjekta i den Russiske føderasjonen. Hovudstaden var Perm, arealet 160 237 km² og innbyggjartalet i 2002 var 2 820 000.

Utsyn over elva Muljanka i byen Perm.

Perm oblast låg helt i aust i Europa der den store russiske sletta møter Uralfjella. Russisk busetjing i dette området starta på 1500-talet. I 1780 vart provinsen Perm oppretta. Perm oblast vart oppretta i 1938.

83,8 % av innbyggjarane var russarar (2001), 4,9 % tatarar og 4,0 % komipermjakar.

Området har rike mineralforekomstar, her blir det utvunne m.a. olje gass, kol, krom og diamantar.

Som resultat av ei folkeavrøysting i 2004 vart Perm oblast den 1. desember 2005 slått saman med Komi-Permjakia til Perm kraj. Det nye området har hovudstad i Perm.

Bakgrunnsstoff endre