Alexander Graham Bell
britisk fysikar
Alexander Graham Bell (3. mars 1847–2. august 1922) var ein skotsk-amerikansk ingeniør, vitskapsmann og oppfinnar. Bell var opphavleg døvelærar og fysiolog. Bell får ofte æra for å ha funne opp telefonen, som han søkte om patent på den 14. februar 1876 og demonstrerte første gang den 25. juni same året på ei messe for hundreårsjubileet til USA sitt sjølvstende. Seinare kom det fram at italiensk-amerikanaren Antonio Meucci hadde gjort oppfinninga før han.[1]
Alexander Graham Bell | |||
| |||
Fødd | 3. mars 1847 Edinburgh | ||
---|---|---|---|
Død | 2. august 1922 Beinn Bhreagh | ||
Nasjonalitet | USA, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Område | Logopedi, telefoni | ||
Yrke | fysikar, elektroingeniør, ingeniør, forretningsdrivande, oppfinnar, professor | ||
Institusjonar | Smithsonian Institution | ||
Alma mater | University of Edinburgh University College London Royal High School, Bath Royal High School | ||
Ektefelle | Mabel Gardiner Hubbard | ||
Barn | Elsie May Grosvenor, Marian Fairchild | ||
Medlem | National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Phi Beta Kappa American Philosophical Society Literary Society of Washington |
Bell grunnla Bell Telephone Company, seinare American Telephone and Telegraph Company (AT&T), i 1877.
Kjelder
endre- Fotnotar
- ↑ Rory Carroll (17. juni 2002). «Bell did not invent telephone, US rules». The Guardian.
- Denne artikkelen bygger på «Alexander Graham Bell» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mai 2018.