Alexander Keith's Brewery

Alexander Keith's er eit kanadisk bryggeri grunnlagd i 1820 i Halifax i Nova Scotia noko som gjer det til eit av dei eldste kommersielle bryggeria i heile Nord-Amerika. Det vart grunnlagd av Alexander Keith som emigrerte frå Skottland i 1817. I dag er bryggeriet kontrollert av Labatt, ei undergruppe av Anheuser–Busch InBev, tidlegare Interbrew. Bryggeriet produserer òg Oland Brewery sitt øl som er distribuert i det austlege Canada.

I april 2011 tok Alexander Keith's til å selje øl i USA etter det hadde berre vore seld i Canada i nær 200 år.[1]

Keith's bryggeri produserer Keith's India Pale Ale, Keith's Red Amber Ale, Keith's Premium White, Keith's Light Ale og Keith's Dark Ale, tidlegare kjent som Stag's Head Stout på den kanadiske marknaden,[2] og Keith's Nova Scotia Style Pale Ale, Keith's Nova Scotia Style Lager og Keith's Nova Scotia Style Brown Ale for marknaden i USA. Keith's første, mest populære og mest utbreidde øl er India Pale Ale.[3] Keith's har òg produsert Keith's Ambrosia Blonde, Keith's Harvest Ale og Keith's Tartan Ale som sesongbrygg. Opphavleg vart ølet brygga i bryggeriet i Halifax. I dag har Keith's utvida produksjonen til andre bryggeri, og er no produsert i Ontario (London), Quebec (Montreal), Newfoundland (St. John's), British Columbia (Creston), og Missouri (St. Louis), i tillegg til det opphavlege Halifax-bryggeriet som no produserer øl for alle dei kanadiske kystprovinsane.

Referansar

endre