Alexander Schmorell

Alexander Schmorell (fødd 16. september 1917 i Orenberg i Russland, død 13. juli 1943 i München) var ein tysk-russisk medisinstudent og medlem av Den kvite rosa.

Alexander Schmorell

Statsborgarskap Weimarrepublikken, Det tyske riket
Fødd 16. september 1917
Orenburg
Død

13. juli 1943 (25 år)
München

Yrke motstandskjempar, lege
Språk tysk, russisk
Medlem av White Rose Hamburg, Den kvite rosa
Religion Ortodoks kristendom
Alexander Schmorell på Commons

Schmorells far var ein tyskar fødd og oppvaksen i Russland medan mora var russisk. Mora døydde av tyfus i 1920. Etter at mora var død gifta faren seg med ei tysk kvinne som akkurat som faren var oppvaksen i Russland. I 1921 måtte dei flykte frå bolsjevikane og busette seg i München.

Schmorell var russisk Ortodoks og såg på seg sjølv som både tyskar og russar.

I 1938 blei han innkalla til riksarbeidsteneste, og deltok i annekteringa av Austterrike og seinare også i invasjonen av Tsjekkoslovakia. I 1942 var han sanitet på austfronten, og det var etter å ha sett korleis tyskarane behandla krigsfangar og sivile der han blei skeptisk til naziregimet.

I 1939 begynte begynte han å studere medisin, og i 1940 blei han kjend med Hans Scholl og seinare også Willi Graf.

Etter at Christoph Probst, Sophie og Hans Scholl blei arresterte prøvde Schmorell å rømme til Sveits men blei arrestert 24. februar, på same dagen som venene blei gravlagde.

19. april 1943 blei han dømd til døden av Folkedomstolen.

Tida før avrettinga brukte han på å skrive brev til familien der han forsikra dei om at han ikkje var redd for å døy. 13. juli 1943 blei han avretta ved giljotinering saman med Kurt Huber.