Kurt Huber
Kurt Huber (25. oktober 1893–13. juli 1943) var ein medlem av Den kvite rosa.
Kurt Huber | |
Statsborgarskap | Deutsches Reich |
Fødd | 24. oktober 1893 Chur |
Død |
13. juli 1943 (49 år) |
Yrke | psykolog, musikkforskar, universitetslærar, motstandskjempar |
Språk | tysk |
Politisk parti | NSDAP |
Medlem av | Den kvite rosa |
Ektefelle | Clara Huber |
Kurt Huber på Commons |
Kurt Huber vart fødd i byen Chur i Graubünden, Sveits, av tyske foreldre. Han voks opp i Stuttgart og, etter farens død, i München. Han viste talent for musikk, filosofi og psykologi, og blei professor i 1920.
Han kom i kontakt med den Den kvite rosa gjennom Sophie og Hans Scholl, som deltok på forelesningane hans. Huber skreiv den kvite rosa sine to siste pamflettar.
Huber blei arrestert 27. februar 1943, og dømd til døden 19. april av Folkedomstolen. Den 13. juli 1943 blei han avretta i München ved giljotinering.