Alexandra Gjerpen
Alexandra Gjerpen (fødd 27. januar 1985 i Norwalk i Connecticut i USA) er ein norsk skodespelar med skodespelarutdanning frå William Esper Studio i New York, der ho òg jobba som skodespelar. Ho søkte Teaterhøgskolen fire gonger, men vart avvist kvar gong.[1] Ho flytta til Sandnes i Rogaland i femårsalderen, der ho vaks opp.
Alexandra Gjerpen | |||
| |||
Fødd | 27. januar 1985 (39 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | USA | ||
Verka som | skodespelar | ||
Sambuar | Hermann Sabado |
Karriere
endreGjerpen har spelt i reklamar, teater, kortfilmar og musikkvideoar. Ho spelte rolla som Alex i NRK-serien Unge lovende i fire sesongar frå 2015 til 2018. For rolla vart ho nominert til Gullruten 2016 i klassen beste kvinnelege skodespelar. Gjerpen har sidan 2017 spelt rolla som trælen Tina i TV-serien Vikingane. For rolla i filmen Når jeg faller frå 2018 vart ho nominert til Amandaprisen 2019 i klassen beste kvinnelege birolle. Gjerpen hadde hovudrolla i dramaserien 22. juli som Aftenposten-journalist Anine.[2] For rolla vart ho nominert til Seriekritikerprisen 2020 i klassen beste skodespelar i norsk serie.[3]
Filmografi
endreFilmar
endre- 2012 – The Job Interview
- 2013 – High Maintenance, Rachel
- 2016 – Meglerene, resepsjonist
- 2018 – Now It's Dark, fan
- 2018 – Når jeg faller, Maria
- 2019 – Askeladden – i Soria Moria slott, Solfrid
- 2021 – Prosjekt Z, Alex
TV-seriar
endre- 2015-2018: Unge lovende, Alex
- 2017-2020: Vikingane, Tina
- 2018: Neste sommer, éin episode
- 2020: 22. juli, Anine
Kjelder
endre- ↑ «– Mitt utseende var ikke på moten» (på norsk). Henta 15. januar 2020.
- ↑ «En ubehagelig drømmerolle». NRK. 5. januar 2020.
- ↑ Kifle, Mylena (25. september 2020). «Seriekritikerprisen: NRK-serie fikk gjeveste pris». Aftenposten. Henta 26. september 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Alexandra Gjerpen» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2022.