Alexandre Dubuque (3. mars 18128. januar 1898) var ein russisk pianist, komponist og musikkpedagog av fransk opphav.

Alexandre Dubuque
Alexandre Dubuque.jpg
Verkeleg namn russisk Александр Иванович Дюбюк, Alexander Ivanowitsj Djubjuk
Fødd 20. februar 1812
Moskva
Død

8. januar 1898 (85 år)
Moskva

Yrke komponist, pianist, universitetslærar, musikkpedagog

Han var son av den franske aristokraten Jean Charles Louis du Buc de Brimeau som slo seg ned i Russland etter å ha flykta frå Frankrike under den franske revolusjonen.

Dubuque studerte hos John Field i Moskva. På oppmoding av Nikolaj Rubinstein blei han utnemnd til professor ved konservatoriet i Moskva og var i tenesta frå 1866 til 1872. Til elevane hans høyrde Milij Balakirev og Nikolaj Zverev. Etter at han slutta ved konservatoriet gav han klavertimar privat.

Dubuque var ein glitrande virtuos og framførte ofte verk av læraren John Field.

Dubuque skreiv rundt 40 klavertranskripsjonar av verka til Franz Schubert og komponerte fleire songar, spesielt romansar. Han skreiv òg ei handbok i klaverteknikk (1866) og ei erindringsbok om John Field.

KjelderEndra