Nikolaj Zverev
Nikolaj Sergejevitsj Zverev (1832–12. oktober 1893) var ein russisk pianist og klaverpedagog.
Nikolaj Zverev | |||
| |||
Fødd | 13. mars 1833 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Volokolamsk | ||
Død | 12. oktober 1893 (60 år) | ||
Dødsstad | Moskva | ||
Opphav | Det russiske imperiet | ||
Sjanger | klassisk musikk | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | musikar, embetsmann, pianist, musikkpedagog, universitetslærar, komponist |
Zverev studerte først fysikk og matematikk ved Lomonosov-universitetet i Moskva og studerte samstundes klavér som privatist hos Alexandre Dubuque. Zverev braut av studiet og reiste til St. Petersburg der han gjekk inn i statstenesta og foredla klaverspelet hos Adolf Henselt. I 1867 flytta han tilbake til Moskva og blei kjent med Nikolaj Rubinstein og Pjotr Tsjajkovskij.
Snart tok Zverev til å undervise sjølv, først privat og i 1870 opna han eit musikalsk pensjonat som snart fekk eit særs godt ry og der mange unge pianiststudentar budde, til dømes Aleksandr Siloti, Sergej Rakhmaninov og Konstantin Igumnov.
Aleksandr Skrjabin var ein annan av Zverov sine elevar. Zverev hjelpte dei mindre bemidla studentane økonomisk. På framlegg av Anton Rubinstein fekk Zverev undervisningspost ved konservatoriet i Moskva frå 1870, og blei i 1883 1883 professor.
Bebuarane i pensjonatet hadde plikt på seg til å øve seks timar om dagen. Berømte musikarar som Sergej Tanejev, Pjotr Tsjajkovskij, Anton Arenskij, Anton Rubinstein og Vasilij Safonov besøkte pensjonatet.
Kjelder
endreDenne artikkelen er basert på «Nikolai Sergejewitsch Swerew» frå Wikipedia på tysk, den 20. november 2011 som oppgav som kjelde:
- Алексеев А.: Русские пианисты ('russiske pianistar'), Moskva-Leningrad, 1948