Franz Peter Schubert (31. januar 179719. november 1828) var ein austerriksk komponist frå Wien. Gjennom eit kort liv skreiv han ei rekkje stemningsfulle, melodiske meisterverk. Mykje av det han skreiv var Lieder og kammermusikk som kunne framførast i mindre salongar og heimar, men han komponerte også messer, scenemusikk og musikk for større ensemble. Schubert er gått inn i musikkhistoria som ein overgang mellom wienerklassisismen og romantikken.

Franz Schubert

Fødd31. januar 1797
FødestadHimmelpfortgrund, Wien
Død19. november 1828 (31 år)
DødsstadWien
FødenamnFranz Peter Schubert
OpphavKeisardømet Austerrike, Erkehertugdømet Austerrike
Aktiv1810–1828
Sjangerklassisk musikk
Instrumentpiano, fiolin
Verka somkomponist, pianist, lærar
FarFranz Theodor Schubert
«Die Wanderer» D 760 No. 1
Sonatine i D-dur for fiolin og piano. Dénes Zsigmondy (fiolin) og Anneliese Nissen (piano).

Liv endre

 
Schubert blei fødd i dette huset, i Alsergrund i Wien.
 
Franz Schubert. Akvarell av Wilhelm August Rieder frå 1825.

Franz Schubert var det trettande av dei seksten barna til Elisabeth, fødd Vietz, og Franz Theodor Schubert. Mora var dotter av ein låsesmed og hadde vore tenestejente før ho blei gift, faren var bondeson og skulemeister. I tillegg til Franz voks berre tre eldre brør og ei yngre syster opp.

Barndom endre

Schubert viste tidleg gåver for musikk. Han lærte å spela fiolin av faren frå han var fem, og seinare piano av broren Ignaz. Av den lokale organisten Michael Holzer lærte han orgelspel og musikkteori. Familien danna også ein strykekvartett der Franz spelte bratsj, faren cello og to brør fiolinar, og han skreiv fleire tidlege verk for eit slikt ensemble.

Franz Schubert hadde også god songstemme, og blei først lagd merke til av komponisten Antonio Salieri i 1804. I 1808 blei han teken opp som songar i det keisarlege hoffkapellet, og fekk eit korstipend slik at han kunne bli elev ved Stadtkonvikt. Dette var den fremste pensjonatskulen for ikkje-adelege i Wien, med grundig musikkundervising. Her blei Schubert kjend med ouvertyrane og symfoniane til Mozart, og med verka til den samtidige Lieder-komponisten Johann Rudolf Zumsteeg. Han fekk også venner som Joseph von Spaun som støtta han livet ut, og som fekk den blyge ungguten til å visa fram komposisjonane sine.

Schubert blei etterkvart kapellmeister i studentorkesteret, dirigert av hofforganisten Wenzel Ruzicka, som også var ein av lærarane hans. Etterkvart fekk han også privatundervising i komposisjon og teori av Salieri, som då var den leiande musikaren og komponisten i Wien. Schubert byrja komponera medan han var ved skulen. I tillegg til fleire songar og strykekvartettar hadde han komponert sin første symfoni då han forlét skulen i 1813. Salieri fortsette å undervisa han i komposisjon i minst tre år, og Schubert kasta seg ut i ein veldig og variert produksjon.

Lærar og komponist endre

Frå første sats av Messe Nr. 2 i G-dur, skriven 1815.

Etter eit kort lærarstudium byrja Schubert som assistent ved faren sin skule i Himmelpfortgrund i 1814. Dette året tonesette han også sitt første Goethe-dikt, «Gretchen am Spinnrade» ('Gretchen ved rokken', frå Faust), eit meisterverk innan Lieder-sjangeren. I 1815, hans mest produktive år, skreiv Schubert rundt 140 songar og elles kyrkjemusikk, operaer og orkesterverk – i alt over tjue tusen taktar. Vennar som von Spaun heldt kontakten, og introduserte han for folk som diktaren Johann Mayrhofer, komponisten Anselm Hüttenbrenner og multikunstnaren Franz von Schober. Vennene oppmuntra Schubert til å bryta laus frå det harde skulearbeidet og prøva leva av musikk i staden.

 
«Michael Vogl og Franz Schubert legg ut mot kamp og siger». Karikaturteikning frå rundt 1825, ifølge tradisjonen utført av Franz von Schober.

I 1816 søkte Schubert ei stilling som musikalsk leiar ved ein skule i Laibach (no Ljubljana), utan hell. Han forlét likevel lærarstillinga og flytta inn hjå von Schober og mor hans, der han komponerte dagen lang. I 1817 blei Schubert kjend med den leiande baritonsongaren Johann Michael Vogl, som framførte songar Schubert skreiv særskild for han, og bidrog til av komponisten blei kjend i Wien. Dette året fekk faren ei stilling ved ein ny skule, og Schubert byrja nokså motvillig å arbeida der, men enda lærargjerningen for godt sommaren 1818. Då fekk han ei kortvarig stilling som musikklærar for dei to døtrene til grev Esterházy ved slottet deira i Zseliz i Ungarn. I løpet av dette opphaldet skreiv han fleire pianoduettar.

Fri kunstnar endre

Tilbake i Wien delte Schubert losji med vennen Mayrhofer. Han arbeidde med operetta Die Zwillingsbrüder ('Tvillingbrørne'), men planar om ei framføring drog ut. Sommaren 1819 reiste han saman med Vogl til songaren sine heimtrakter i Oberösterreich. Schubert sette stor pris på den vakre naturen og den gode mottakinga musikken hans fekk. I Steyr skreiv han sitt første velkjende instrumentalverk, Pianosonate i A-dur, D. 664, og den kjende Ørretkvintetten. Seinare dette året skreiv han musikk til dikt av Goethe og Mayrhofer.

Tidleg i 1820 blei Schubert og fire venner arrestert av det hemmelege politiet for mogleg oppviglersk verksemd. Ein av dei, Johann Senn, blei sett i fengsel og deportert; dei andre fekk åtvaringar. Schubert såg aldri Senn att, men sette musikk til nokre av dikta hans, «Selige Welt» og «Schwanengesang».

 
Notane til Erlkönig blei endeleg gjevne ut i 1821.

Byrjinga av tiåret var elles prega av Schubert si mogning og aukande omdøme som komponist. I juni 1820 blei endeleg Die Zwillingsbrüder framført, med Vogl i dobbeltrolla som tvillingane. Stykket hadde moderat suksess. I august same året blei skodespelet Die Zauberharfe framført med musikk skrive av Schubert, og særleg den melodiøse ouvertyren blei godt likt. Franz Schubert var no i ferd med å bli kjend utanom kretsen av vennar og nære støttespelarar, mellom anna av den rike Sonnleithner-familien. Tidleg i 1821 oppnådde vennene til Schubert ein avtale med utgjevaren Anton Diabelli, som gav ut fleire av Schubert sine komposisjonar.

 
Utsnitt av «Schubertiade» (1897) av Julius Schmid .

I mars same året hadde Vogl si framføring av «Erlkönig» stor suksess. I 1822 møtte han komponistane Weber og Beethoven—sistnemnde kalla han «genial» ved fleire høve. Medan Schubert av ulike grunnar hadde lite framgang med den dramatiske musikken sin, var han blitt ei stjerne i det wienesiske selskapslivet. Det blei halde huskonsertar, kalla «schubertiadar», der Schubert og musikken hans var midtpunkt.

I desse åra arbeidde Schubert med fleire større verk, men la mange av dei til sides før dei var fullførte. Ein symfoni i E-dur og E-moll blei byrja i august 1821 og lagt vekk, medan han hausten skreiv to satsar og ein uferdig scherzo til ein symfoni i B-moll, seinare velkjend under namnet «Den ufullendte». Ein opera i tre akter, Alfonso und Estrell, blei derimot fullført i februar 1822, men ikkje framført. I november det året skreiv Schubert ein pianofantasi over eit tema frå songen «Der Wanderer» og fullførte Messe i Ass-dur.

Nedsett helse, betre livsgrunnlag endre

 
Oljemåleri av Schubert frå rundt 1827.

Seint i 1822 utvikla Schubert ein sjukdom, truleg syfilis, og det neste året var prega av kvile og sjukehusopphald. Samstundes skreiv han ei rekkje komposisjonar, der songsyklusen Die schöne Müllerin er den best kjende. Han skreiv den ambisiøse operaen Fierrabras, som blei forkasta av Kärntnertor-teateret, men fekk ei framføring av musikk til stykket Rosamunde i desember det året.

Ved byrjinga av 1824 var Schubert framleis sjuk, pengelens, og prega av kjensler av å ha mislukkast. Trass dette klarte han komponera meisterlege kammermusikkverk: Strykekvartett i A-moll, strykekvartett i D-moll med variasjonar over songen «Der Tod und das Mädchen», og Oktett i F-dur for strenge- og blåseinstrument. Sommaren 1824 fekk han igjen eit læraropphald hjå Esterházy-familien i Zseliz, og fekk her øyro opp for ungarsk musikk, og nytta dette i komposisjonar som Divertissement à la hongroise.

Auka interesse for verka hans gav inntekter og ei betra stilling for Schubert. Sommaren 1825 drog han på ei ny fruktbar reise til Oberösterreich, der han tonesette dikt av Sir Walter Scott, mellom anna «The Lady of the Lake» som seinare er blitt kjend som «Ave Maria av Schubert». Han knytte tette vennskap til målaren Moritz von Schwind og dramatikaren Eduard Bauernfeld i denne perioden.

 
Side frå Fantasi i F-moll for firhendig piano, D 940.

I 1826 søkte Schubert om stillinga som visekapellmeister for keisaren, men fekk trass støtte frå framståande vener ikkje stillinga. Etter dette ser det ut til at komponisten gav opp å slå gjennom, og i staden trekte seg tilbake for å laga nye verk. Bortsett frå eit opphald i Graz i september 1827 heldt Schubert dei siste åra av livet sitt til i Wien.

Siste leveåret skreiv han den framståande songsyklusen Winterreise, pianoduetten Fantasi i F-mol, kantaten Miriams Siegesgesang, og fleire framståande verk. Han fullførte sin Store symfoni i C-dur i mars, og arbeidde med si sjette messe, i Ess-dur, i juni. Nytt songarbeid i august førte til syklusen Schwanengesang. I september og oktober skreiv han tre store klaversonater i C-moll, A-dur og B-dur og sin strengekvintett i C-dur.

26. mars 1828 heldt Schubert sin einaste offentlege konsert, ein kunstnarisk og økonomisk suksess som for første gong sette han i stand til å kjøpa eit piano. Men helsa var i ferd med å svikta. I august 1828 flytta Schubert inn hjå broren Ferdinand. I oktober fekk han tyfoidfeber, og døydde 19. november 1828, 31 år gammal. Etter eige ønske blei han gravlagd ved sida av Beethoven, som var død året før, og som Schubert hadde beundra heile livet.

Etter døden endre

Schubert blei først verdskjend etter at han døydde, og er i dag rekna som ein av dei største komponistane innan klassisk vestleg musikk.I 1872 blei det reist eit minnesmerke til han i Stadtpark i Wien. I 1888 blei leviningane etter både Schubert og Beethoven flytta til Zentralfriedhof i byen, der dei no kviler ved sida av dei til Johannes Brahms og Johann Strauss II. Den tidlegare gravstaden i Währing blei gjort om til ein Schubert Park i 1925.

Verk endre

I løpet av ein karriere på under tjue år skreiv Schubert nesten tusen verk. Over 600 av desse er songar. Han skreiv fleire stykke for solo piano, mellom anna 21 fullstendige sonater, og fleire pianoduettar. Medrekna brotstykke skreiv han rundt 30 stykke kammermusikk.

Schubert skreiv seks messer for kor, fem operaer og fullførte sju symfoniar. I tillegg kjem «Den ufullendte», skisser til ein niande og moglege fragment av ein tiande symfoni.

Ei rekkje av Schubert sine verk blei gjevne ut posthumt. Dei blei katalogisert av Otto Erich Deutsch. Verka hans blir ofte vist til med eit D-nummer, etter Deutsch.

Under er eit utval av Franz Schubert sine verk.

Verk for scenen endre

Tittel, komposisjonsår, D-nr, stad og tidspunkt for urframføring, librettist

Sakral musik endre

  • Seks latinske messer
  • To Stabat mater
  • Mindre komposisjonar for kyrkjebruk (mellom anna eit stort Halleluja, eit åttestemmig hymne for mannskor med blåseorkester, Tantum ergo for solokvartett, kor og stort orkester)

Lieder (songar/romansar) endre

Orkesterverk endre

Symfoniar endre

  • 12 symfoniar (av dei fem ufullførte).

Ouvertyrar endre

Andre orkesterverk endre

 
Autograf: Oktett F-dur D 803.
  • Orkesterstykke (fragment) D 71c och D 94a
  • Konsertstykke («Concerto») for fiolin og orkester D-dur, D 345
  • Rondo for fiolin og strykeorkester (strykekvartett) A-dur, D 438
  • Polonese for fiolin og orkester Bb-dur, D 580

Kammermusik endre

Andante frå oktett i F-dur
  • Ørretkvintetten, for piano, fiolin, bratsj, cello og kontrabass (1819, gjeve ut 1829).
  • Strykekvintett C-Dur D 956 (op. posth. 163)
  • 12-15 strykekvartettar
  • 2 pianotrioar og 2 satser for pianotrio
  • 2 stryketrioar
  • 2 større duettar og 3 mindre duettar for piano og fiolin.
  • Oktett for strykarar og blåsarar

Pianomusik endre

  • 21 sonate, av desse 12 fullførte
  • Åtte impromptuar i to syklusar, D 899 och D 935, seks Moments musicaux, «Fünf Klavierstücke», D 459, og «Drei Klavierstücke», D 946
  • Talrike verk for firhendig piano (mellom anna Fantasie f-Moll, D 940, og dei berømte «Marches militaires» D 733)
  • 13 variasjonar over eit tema av Anselm Hüttenbrenner i a-moll, D 576
  • Mindre stykke for pianosolo, som Allegretto i C-dur, D 915, eller «Grazer Galopp», D 925

Kjelder endre

  • «Schubert, Franz», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online, 2009 
  • «Franz Schubert», Den Store Danske Encyklopædi, 2009 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Franz Schubert

Opptak endre

Noter endre