Opna hovudmenyen

Alexis Claude Clairault eller Clairaut (3. mai 171317. mai 1765) var ein fransk matematikar. Alt 18 år gammal vart han medlem av vitskapsakademiet på grunn av undersøkingane sine av algebraiske kurver.

Alexis Claude Clairaut
Alexis Clairault.jpg
FøddAlexis Claude Clairault
13. mai 1713
Paris
Død17. mai 1765
Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdematematikk, mekanikk, astronomi, geodesi
Yrkeastronom, matematikar, mekaniker, fysikar
InstitusjonarDet franske vitskapsakademiet
MedlemRoyal Society
Det franske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet

Han deltok i gradmålinga til Maupertuis i Lappland i 1736, og på grunnlag av denne utarbeidde han i 1743 teorien sin om forma til jorda. Her synte han mellom anna det kjende Clairault-teoremet, som var eit enkelt samband mellom flattrykkinga til jorda, omdreiingssnøggleiken og tyngdefordelinga på overflata. Måneteorien hans vart i 1752 prislønt av Det russiske vitskapsakademiet i St. Petersburg. Clairault utgav òg eit verk om kometbanar og rekna i 1758 når for Halleys komet kom attende.

KjelderEndra

Alexis Claude Clairault. (2011-10-28) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Alexis_Claude_Clairault