Alf Gunnestad
Alf Gunnestad (fødd 17. mai 1904 i Våle, daud 15. august 1987 på Bekkestua) var ein norsk flypioner og seinare distriktsjef for flykontrollen på Austlandet (Fornebu)
Alf Gunnestad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. mai 1904 Våle kommune |
Død |
15. august 1987 (83 år) |
Yrke | flygar |
Gunnestad vart utdanna til flygar ved Hærens Flyveskole på Kjeller i 1925, og fekk trafikkflygarsertifikat i 1927.[1] Han flaug seinare nattpostruta til København. Han deltok som flygar under Thorshavnekpedisjonen til Lars Christensen i 1933/34. Gunnestadbreen i Dronning Maud Land er oppkalla etter han.
Under andre verdskrigen var han aktiv i Heimefronten og rømde i februar 1945 til Sverige. Han jobba der for norske politityrkar og vart leiar for den norske forlegginga Ulvsunda.[2] Etter krigen var han tilsett i Luftfartsdirektoratet som distriktssjef.
Gunnestad var aktiv i luftsportsverksemda. Han fekk Norsk Aero Klubbs heidersteikn i 1969 og verka som frivillig instruktør for ungdom som ynskte å ta flysertifikat.
Kjelder
endre- ↑ Flyvningen - det moderne eventyr. Jon Tvedte, 1958, side 274
- ↑ Alf Gunnestad - Flypioner. Rob J. M. Mulder, 2017, side 88-92
- Denne artikkelen bygger på «Alf Gunnestad» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mars 2019.
Bakgrunnsstoff
endre- Alf Gunnestad fløy for Allers Flyveklubb. Bilde fra Digitalt Museum
- Alf Gunnestad - Flypioner, Rob J.M. Mulder, 2017