Bekkestua
Bekkestua er ein tettstad i Bærum kommune i Akershus fylke. Bekkestua, som er nest største senter i Bærum (etter Sandvika), ligg der Bærumsveien tidlegare kryssa Gamle Ringeriksvei. Etter at Bærumsveien vart lagd i tunell under Bekkestua, er det no berre lokaltrafikk i sentrum.
Bekkestua | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Bekkestua 59°55′05″N 10°35′20″E / 59.918055555556°N 10.588888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Bekkestua |
Bekkestua har alle sentrumsfunksjonar, som bibliotek, brannstasjon, utsal for Vinmonopolet osb. På Bekkestua ligg idretts- og symjehallen Nadderudhallen, rullebretthallen (skeitehallen) Arena og fotballbanen Nadderud stadion, heimebanen til Stabæk fotballklubb, med fleire øvingsbanar ikring.
Samferdsel
endreKolsåsbanen, ein grein av T-banenettet i Oslo, har stasjon på Bekkestua. Trikkelina Lilleakerbanen over Skøyen i Oslo og Jar i Bærum følgjer T-banelina på strekninga frå Jar fram til T-banestasjonen, som er endestasjonen for trikkelina. Det er dessutan busstasjon på Bekkestua knytt til T-banestasjonen, med mellom anna ein flybussrute direkte til Oslo Lufthamn på Gardermoen.
Historie
endreMykje av Bekkestua ligg på jorda til Gjønnes gard. Namnet har staden etter ei gammal tømmerstove som låg ved ei lita sildre som no for lengst er drenert. Bekkestua var tidlegare kjent for Statens husstellærerhøgskole på Ringstabekk rett i nærleiken.