Alf Ivar Samuelsen
norsk politikar
Alf Ivar Samuelsen (28. februar 1942–16. september 2014) frå Flakstad, Nordland) var ein norsk politikar (Sp). Han vart innvald på Stortinget frå Nordland i 2005. Han var vararepresentant i perioden 1993–1997.
Alf Ivar Samuelsen | |||
Fødd | 28. februar 1942 Flakstad | ||
---|---|---|---|
Død | 16. september 2014 (72 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Nordland | ||
Alle verv |
|
Samuelsen var ordførar i Flakstad i perioden 1986–1987 og fylkesordførar i Nordland 1995-1999. Frå 1999 til 2003 sat han i fylkesrådet for samferdsle. Han pensjonerte seg i 2009. Alf Ivar Samuelsen omkom i ei traktorulykke heime på Fredvang i Flakstad den 16. september 2014, 72 år gamal.[1]
Stortingskomitéar
endre- 2005–2009 medlem i Utanrikskomitéen
- 2005–2009 medlem i Den utvida utanrikskomitéen
- 2005–2009 medlem i Fullmaktskomitéen