Alf Petter Wessel Tjøme (9. oktober 185623. desember 1900) var ein ingeniør, bankmann og stortingsmann frå Kristiania.

Alf Petter Tjøme
Fødd9. oktober 1856
Død23. desember 1900
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Tjøme tok eksamen ved den tekniske skulen i Kristiania og var deretter eitt år ved same skuleslaget i Dresden i Tyskland. Frå 1879 var han vernepliktig sekondløytnant. Han busette seg i 1883 i Kristiansund, der han var ingeniør, bankkasserar og -revisor.

Alf Petter Tjøme var medlem av bystyret i Kristiansund i mange år, og var ei tid ordførar. Han vart vald til stortingsmann for byen og for partiet Venstre for perioden 1900-03. På tinget var han medlem av budsjettkomiteen.

Han døydde i Berlin allereie på tampen av året 1900, same året som han hadde teke sete på Stortinget.

KjelderEndra