Alfiós
(Omdirigert frå Alfeios)
Alfiós (gresk skrift Αλφειός), òg kalla Alpheus, Alpheios, Alfeiós, er ei elv på Peloponnes i Hellas. Ho har sitt utspring i Megalópoli i periferieininga Arkadía. Elva renn forbi Olympia og munnar ut i Det joniske havet i Ilía nær Pýrgos. Elva renn gjennom periferieiningane Arkadía og Ilía og er den lengste elva på Peloponnes med ei lengd på 110 km.
Alfiós Αλφειός | |||
elv | |||
Alfeios i nærleiken av Olympia
| |||
Land | Hellas | ||
---|---|---|---|
Lengd | 110 km | ||
Kjelde | Megalópoli i Arkadía | ||
Munning | Det joniske havet | ||
Alfiós 37°36′46″N 21°27′05″E / 37.6128°N 21.4514°E | |||
Kart over Alfeios i Hellas.
| |||
Wikimedia Commons: Alpheios |
Elva har kjelde nær Voúrvoura sentralt i Arkadía, og renn så mellom Leondári og Megalópoli i ein skogkledd dal. Ho renn sør for Karýtena, nord for Andrítsena og i om lag 15-20 km dannar ho prefekturgresna mellom Ilía og Arkadía. Ho renn seinare framom Olympia og gjennom Ilía resten av lengda hennar før ho munnar ut i Det joniske havet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alfeios River» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2007.
Bakgrunnsstoff
endre- Alfiós på acradia.ceid.upatras.gr Arkivert 2005-07-10 ved Wayback Machine.
- Alfiós på miagric.gr Arkivert 2007-09-21 ved Wayback Machine.
- arcadians.gr