Pýrgos
Pýrgos Lokalt namn Πύργος | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Peloponnes |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 455,1 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Vest-Hellas Ilía |
Hovudsete | Pýrgos (24 359 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 47 995 (2011[1]) |
Folketettleik | 105,11 /km² |
Pýrgos (gresk Πύργος) er ein by på Peloponnes i Hellas. Han utgjer ein kommune i periferieininga Ilía, der han er hovudstad, i periferien Vest-Hellas.
Byen ligg vest på halvøya Peloponnes midt på sletta i Ilía. Han ligg 96 km frå Pátra, 320 km frå Aten og 144 km frå Trípoli. Landsbyen Katákolo ligg 12 km mot vest. Olympia ligg òg i nærleiken. Elva Alfiós renn like sør for byen.
Sjølve byen Pýrgos har om lag 25 000 innbyggjarar.
Administrativ inndelingEndra
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 47 995 innbyggjarar, medan kommunaleininga Pýrgos hadde 35 572 og tettstaden med same namn 24 359 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstaderEndra
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Pýrgos | Pýrgos | 24 359 |
Epitálio | Vólakas | 1 469 |
Varvásena | Pýrgos | 1 107 |
Alfioúsa | Vólakas | 1 037 |
Mytréa | Pýrgos | 898 |
Voúnargo | Iárdanos | 778 |
Lastéika | Pýrgos | 718 |
Ájos Jeórjos | Pýrgos | 707 |
Karátoula | Oléni | 686 |
Goúmero | Oléni | 642 |
Kolíri | Pýrgos | 621 |
Salmóni | Pýrgos | 612 |
Skourokhóri | Pýrgos | 610 |
Ambelónas | Pýrgos | 519 |
Katákolo | Pýrgos | 509 |
Oléni | Oléni | 509 |
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Pyrgos» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2007.
ReferansarEndra
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Kallikratis-reforma (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 22. november 2010, henta 22. november 2010
BakgrunnsstoffEndra
- Offisiell heimeside Arkivert 2007-09-15 ved Wayback Machine.
- gogreece.com om Pýrgos Arkivert 2007-10-06 ved Wayback Machine.
- traveljournals.net - Pýrgos Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.
- GTP - Pýrgos
- GTP - Kommunen Pýrgos