Alfred Bjørlo

norsk politikar

Alfred Jens Bjørlo (fødd 17. desember 1972) er ein norsk politikar for Venstre. Etter kommunevalet 2011 blei han vald til ordførar i Eid kommune og tok over etter Sonja Edvardsen frå Arbeidarpartiet.[1]

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo
Foto: Jo Straube / Venstre
Fødd17. desember 1972 (51 år)
Nordfjordeid
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, entomolog
VervOrdførar i Eid 2011–2019
FøregangarSonja Edvardsen
VervOrdførar i Stad 2020–2021
EtterfylgjarGunnar Silden
Alle verv

Han vart attvald som ordførar for perioden 2015-2019.[1]

Bjørlo var politisk rådgjevar i Nærings- og handelsdepartementet i Regjeringa Bondevik I frå 1. januar 1999 til 17. mars 2000 og politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet i Regjeringa Bondevik II frå 22. oktober 2001 til 29. november 2004.[2][3]

Han har sidan 2021 representert Sogn og Fjordane og Venstre på Stortinget.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Ordførarar i Eid kommune». Allkunne. Henta 11. juli 2017. 
  2. «Kjell Magne Bondeviks første regjering». Regjeringa.no. Henta 11. juli 2017. 
  3. «Kjell Magne Bondeviks andre regjering». Regjeringa.no. Henta 11. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff endre