Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011
Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011 i Noreg vart avvikla måndag 12. september 2011. I tillegg heldt 195 kommunar vallokala opne sundagen 11. september i heile eller delar av kommunen.[1] Førehandsrøysting tok til onsdag 10. august og kunnne bli gjort fram til og med fredag før valet. I utlandet og på Svalbard og Jan Mayen var det mogeleg å røyste frå 1. juli.[N 1]
Det vart vald totalt 10 781 kommunestyrerepresentantar til 429 kommunestyre og 728 representantar til 18 fylkesting.[N 2][N 3] I tillegg skal det haldast val til bydelsutval i fleire kommunar. Samstundes som kommune- og fylkestingsvalet vert arrangert, avviklar Den norske kyrkja kyrkjeval for organa sine.
Resultat
endreKommunevalet
endreDette var lansdsresultatet av kommunestyrevalet per tysdag 13. september klokka 07.15. Dei var enno ikkje endeleg stadfesta.[2]
- Valdeltaking: 2 295 047 (62,5%)
Liste | Røyster | %-vis fordeling | Kommune (07) | Storting (09) |
Arbeiderpartiet | 725 395 | 31,6 | 2,0 | -3,7 |
Høgre | 642 887 | 28,0 | 8,8 | 10,9 |
Framstegspartiet | 262 795 | 11,5 | -6,0 | -11,0 |
Senterpartiet | 156 605 | 6,8 | -1,1 | 0,8 |
Venstre | 142 009 | 6,2 | 0,4 | 2,4 |
Kristeleg Folkeparti | 128 596 | 5,6 | -0,7 | 0,3 |
Sosialistisk Venstreparti | 92 704 | 4,0 | -2,0 | -1,8 |
Raudt[3] | 35 005 | 1,5 | -0,2 | 0,4 |
Miljøpartiet dei grøne | 25 999 | 1,1 | +0,4 | +0,8 |
Andre | 83 052 | 3,7 | 0,9 | - |
Fylkestingsvalet
endreDette var lansdsresultatet av fylkestingsvalet per tysdag 13. september klokka 21.35. Dei var enno ikkje endeleg stadfesta. [2]
- Røystedeltaking: 2 224 806 (58,7 %)
Liste | Røyster | %-vis fordeling | Fylke (07) | Storting (09) |
Arbeiderpartiet | 738 458 | 33,2 | 2,4 | -2,2 |
Høgre | 615 246 | 27,7 | 8,9 | 10,4 |
Framstegspartiet | 261 627 | 11,8 | -6,8 | -11,2 |
Senterpartiet | 140 758 | 6,3 | -1,5 | 0,2 |
Venstre | 125 904 | 5,7 | 0,1 | 1,8 |
Kristeleg Folkeparti | 129 051 | 5,8 | -0,9 | 0,3 |
Sosialistisk Venstreparti | 95 703 | 4,3 | -2,2 | -1,9 |
Raudt | 38 239 | 1,7 | -0,3 | 0,4 |
Miljøpartiet dei Grøne | 28 561 | 1,3 | 0,7 | 0,9 |
Pensjonistpartiet | 20 739 | 0,9 | -0,2 | 0,5 |
Kystpartiet | 8 111 | 0,4 | -0,1 | 0,2 |
Demokratane | 5 914 | 0,3 | 0,3 | 0,3 |
Sunnmørslista | 5 716 | 0,3 | 0,0 | 0,3 |
Kristent Samlingsparti | 4 763 | 0,2 | 0,1 | 0,1 |
Byluftlisten | 1 359 | 0,1 | 0,1 | 0,1 |
Noregs Kommunistiske Parti | 1 243 | 0,1 | 0,0 | 0,0 |
Samefolkets parti | 1 233 | 0,1 | 0,0 | 0,1 |
Vestfoldlisten mot bomringer | 844 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Samfunnsdemokratane | 804 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Samfunnspartiet | 286 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Det Liberale Folkepartiet | 247 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Andre | -0,4 | -0,2 |
Skulevalet
endreSkulevalet vart avvikla 6. september. Etter terroråtaket 22. juli vart partia samde om å ikkje arrangere skulevaldebatt. Debattane vart erstatta med såkalla «valtorg» [2][daud lenkje]. Partia hadde då valbuer i gymsalane på skulane som deltok i valet.
Resultatet av skulevalet vart offentleggjort 6. september: [3] Arkivert 2011-08-19 ved Wayback Machine.
Parti | Skulevalet 2011 (%) | Skulevalet 2009 (%) | Endring |
---|---|---|---|
Arbeiderpartiet | 29.7 | 23.4 | +6.3 |
Sosialistisk Venstreparti | 4.9 | 10.3 | -5.4 |
Raudt | 3.5 | 4.8 | -1.3 |
Senterpartiet | 4.9 | 5.8 | -0.9 |
Kristeleg Folkeparti | 3.6 | 3.7 | -0.1 |
Venstre | 6.8 | 6.0 | +0.8 |
Høgre | 24.3 | 16.2 | +8.1 |
Framstegspartiet | 16.5 | 24.0 | -7.5 |
Norges Kommunistiske Parti | 0.4 | 0.3 | +0.1 |
Miljøpartiet Dei Grøne | 1.4 | 1.3 | +0.1 |
Pensjonistpartiet | 1.5 | 1.2 | +0.3 |
Det Liberale Folkeparti | 0.0 | 0.2 | -0.2 |
Samfunnspartiet | 0.0 | 0.0 | 0.0 |
Kystpartiet | 1.2 | 1.4 | -0.2 |
Samefolkets parti | 0.1 | * | - |
Kristent Samlingsparti | 0.3 | 0.2 | +0.1 |
Sunnmørslista | 0.0 | * | - |
Demokratene | 0.5 | 0.5 | 0.0 |
Vestfoldlisten mot bomring | 0.0 | * | - |
Samfunnsdemokratene | 0.0 | * | - |
Byluft | 0.1 | * | - |
Valkampen
endreTerroråtaka 22. juli prega valkampen i stor grad. Partia vart samde om å utsetje valkampopninga til 13. august og å avlyse skulevalet.[4] Arbeiderpartiet ynskte å utsetje valkampen ei veke til, til den 21. august, sidan ikkje alle ofra etter 22. juli var gravlagt før det. Dei andre partia hald fast på 13. august, og slik vart det.[4]
Valkampen vart òg karakterisert som roleg.[5]
Meiningsmålingar
endreMeiningsmålingane viste i juni at særleg Høgre gjorde det godt, og enkelte valkommentatorar meinte at det kunne bli «blått» fleirtal i minst 16 av dei 20 største kommunane i Noreg.[6] Meiningsmålingane etter 22. juli viste framgang for Arbeiderpartiet, og at særleg fløypartia (SV og FrP) men også Høgre, gjekk attende samanlikna med målingar i juni 2011.
Forsøksordningar
endreVed dette valet skal det gjennomførast to forsøk:
- forsøk med elektronisk val i 10 kommunar, der det vil vere mogeleg å gje førhandsrøyster over internett
- forsøk med nedsett røysterettsalder til 16 år (fødd i 1995 eller før) i 20 kommunar.
E-val
endreI ti kommunar vil det vere mogeleg å førehandsrøyste over internett. I alt 56 kommunar vart invitert til å delta, og 35 av desse ynskte å delta i prosjektet. Av desse vart Bodø, Bremanger, Drammen, Hammerfest, Mandal, Radøy, Re, Tynset, Vefsn og Ålesund og ein bydel i Oslo plukka ut til deltaking.[7] Oslo og Drammen trekte seg seinare med grunngjeving i manglande løyndom rundt røystinga. I staden vart Sandnes tatt inn som forsøkskommune.
For å kunne telje opp røyster frå e-valet trengst det ein elektronisk nøkkel. Denne er delt i ti delar, og det er oppretta ei nøkkelgruppe, der kvart medlem har sin del. Det er eitt medlem frå kvar av ni parti og ein administrativt tilsett. Etter valet må gruppa møtes for at oppteljinga skal kunne starte.[8]
Forsøk med røysterettsalder nedsett til 16 år
endreI 20 kommunar vil også 16- og 17-åringer ha stemmerett ved valet i 2011. 143 kommunar søkte om å få delta. Blant desse vart Marker, Lørenskog, Hamar, Vågå, Sigdal, Re, Porsgrunn, Grimstad, Mandal, Gjesdal, Stavanger, Austevoll, Luster, Ålesund, Osen, Namdalseid, Tysfjord, Kåfjord, Hammerfest og Kautokeino plukka ut til å delta, basert på kommunestorleik (innbyggjartal), geografi, politisk samansetjing, lokalisering, alderssamansetjing og politikk for å involvere ungdom.[9] I tillegg vil dette forsøket gjelde valet til Longyearbyen lokalstyre på Svalbard. Valet der ver avvikla i oktober 2011.
Direkte ordførarval
endreForsøka med direkte ordførarval, som vart gjennomført i enkelte kommunar ved kommunevala frå 1999 til 2007, vert ikkje vidareført ved dette valet. I Nesodden kommune vil det likevel samtidig med kommunevalet bli avvikla rådgjevande folkeavrøysting om kven som bør vere ordførar. Dette har sin bakgrunn i at kommunestyret i 2001 vedtok at «en sak skal legges ut til folkeavstemning dersom minst ti prosent av de stemmeberettigede fremmer skriftlig krav om det». 1474 av innbyggarane i Nesodden har skrive under på eit krav om folkeavrøysting om ordførarvervet. Kommunestyrefleirtalet (A, H, Frp og V) vedtok likevel å ikkje fylgje innbyggjarkravet, men dette vart underkjent av fylkesmannen, etter at mindretalet hadde bedt om lovlegheitskontroll av vedtaket.[10]
Lister
endreFrist for å levere inn listeforslag var 31. mars 2011. Parti som er registrert i Partiregisteret, kunne levere inn liste utan krav om innsamla underskrifter, føresett at dei ved stortingsval (2009) hadde ei oppslutning på minst 500 stemmar i éit fylke eller minst 5000 røystar på landsbasis. For andre fylkeslister måtte listeforslaget vere underskrive av minst 500 personar med røysterett i fylket. Ved kommunevalet er kravet at det samlast inn ei mengd underskrifter som svarar til minst to prosent av innbyggjartalet med røysterett ved siste kommunestyreval (2007), men minimum like mange som det skal veljast representantar til kommunestyret og maksimum 300 underskrifter.[N 4]
Lista skal innehalde minimum sju kandidatar og maksimum seks kandidatar fleire enn det mengda representantar som skal veljast.
Ved utløp av fristen hadde dei største partia levert inn fylgjande lister:[11]
Parti | 2011 | 2007 | Endring |
---|---|---|---|
Arbeiderpartiet[12] | 417 | 421 | -4 |
Senterpartiet | 393 | 395 | -2 |
Høgre | 379 | 375 | +4 |
Framstegspartiet | 344 | 336 | +8 |
Venstre | 312 | 293 | +19 |
Kristeleg Folkeparti | 299 | 317 | -18 |
Sosialistisk Venstreparti | 284 | 313 | -29 |
Raudt | 80 | 78 | +2 |
Miljøpartiet De Grønne | 51 | 15 | +36 |
Demokratane | 31 | 70 | -39 |
I tillegg kjem felleslister ved kommunevalet og lister til fylkesting og bydelsutval. Dei lokale valstyra hadde frist 1. juni på å godkjenne listene.
-
Sosialistisk Venstreparti██ Reine lister██ Felleslister
-
Arbeiderpartiet██ Reine lister██ Felleslister
-
Senterpartiet██ Reine lister██ Felleslister
-
Kristeleg Folkeparti██ Reine lister██ Felleslister
-
Venstre██ Reine lister██ Felleslister
-
Høgre██ Reine lister██ Felleslister
-
Framstegspartiet██ Reine lister██ Felleslister
På dei innleverte kommune- og fylkeslistene er det i alt 66 383 personar oppført, 3295 færre enn valet i 2007. Det er 210 ulike parti og grupper som stiller lister ved kommunevalet, og 20 parti/grupper ved fylkestingsvalet.
Kjønnsfordelinga på kommunelistene er nokså lik med 2007: 58,2 prosent menn og 41,8 prosent kvinner. På fylkeslistene er kvinnedelen 44,1 prosent. Det er menn på førsteplass på 72,1 prosent av kommunelistene og på 68,8 prosent av fylkeslistene.
Gjennomsnittsalderen til kommunestyrekandidatane er 49 år (kvinner 48 år og menn 50 år) og for fylkestingskandidatane 49 år (kvinner 47 år og menn 50 år). Heller ikkje her er det vesentlege endringar frå 2007.[13]
Ved terroråtaket på AUFs somarleir på Utøya 22. juli vart femten av kandidatane til Arbeiderpartiet drepne. Etter valloven var det ikkje høve til å erstatte desse med andre, men det vart opna for at kommunane/fylka (i samråd med pårørande og partiet lokalt) kunne trykkje nye røystesetlar utan dei aktuelle namna. Dette vart gjort i Porsanger, Sula og Ørsta. Personrøyster på avdøde kandidatar vert uansett ikkje med i valoppgjeret.[14]
Det er stor variasjon i talet lister i dei enkelte kommunane, frå to lister i Utsira, Modalen, Røyrvik, Fosnes, Træna, Røst og Lebesby til heile 15 lister for veljarane i Bergen og Oslo. I Utsira vart Ungdomslista til og med danna på oppfordring frå sittande ordførar, etter at den tidlegare konkurrerande lista ikkje klarte å stille nok kandidatar. Utsira har dermed berre to lister, med begge toppkandidatane som medlem av Arbeiderpartiet.[15]
Landsoversikt
endreTabellen viser kor mange reine lister partia har i dei ulike fylka. Kolonnen «Komm andre» viser kor mange kommunar som har ei eller fleire lister som høyrer inn under kategorien «Andre». For Oslo er bydelslistene tatt med.
Tal kommunar | A | SV | R | Sp | KrF | V | H | Frp | Dem | MdG | P | KSP | Kyst | NKP | Andre | Totalt | Komm andre | ||
00 | Fylkesting | 18 | 18 | 18 | 18 | 18 | 18 | 18 | 18 | 18 | 17 | 18 | 13 | 14 | 18 | 7 | 6 | 237 | 6 |
01 | Østfold | 18 | 18 | 11 | 4 | 17 | 17 | 15 | 17 | 17 | 2 | 3 | 5 | 2 | 1 | 0 | 4 | 133 | 3 |
02 | Akershus | 22 | 22 | 22 | 13 | 22 | 21 | 22 | 22 | 22 | 1 | 8 | 7 | 0 | 0 | 0 | 4 | 186 | 4 |
03 | Oslo + bydelar | 16 | 16 | 16 | 16 | 14 | 16 | 16 | 16 | 16 | 1 | 16 | 5 | 1 | 1 | 1 | 1 | 152 | 1 |
04 | Hedmark | 22 | 22 | 20 | 1 | 21 | 9 | 16 | 17 | 16 | 1 | 4 | 8 | 0 | 0 | 0 | 12 | 147 | 12 |
05 | Oppland | 26 | 26 | 17 | 3 | 25 | 9 | 13 | 21 | 16 | 0 | 3 | 3 | 0 | 0 | 0 | 16 | 152 | 13 |
06 | Buskerud | 21 | 21 | 13 | 6 | 18 | 16 | 15 | 20 | 20 | 1 | 3 | 1 | 0 | 0 | 0 | 7 | 141 | 6 |
07 | Vestfold | 14 | 14 | 11 | 5 | 14 | 12 | 14 | 13 | 13 | 0 | 3 | 1 | 2 | 3 | 0 | 6 | 111 | 5 |
08 | Telemark | 18 | 18 | 11 | 4 | 18 | 16 | 13 | 15 | 14 | 1 | 3 | 1 | 0 | 0 | 0 | 4 | 118 | 4 |
09 | Aust-Agder | 15 | 15 | 4 | 1 | 15 | 13 | 12 | 14 | 13 | 0 | 1 | 3 | 0 | 1 | 0 | 6 | 98 | 5 |
10 | Vest-Agder | 15 | 15 | 7 | 1 | 15 | 14 | 12 | 15 | 13 | 7 | 2 | 5 | 0 | 0 | 0 | 6 | 112 | 5 |
11 | Rogaland | 26 | 24 | 19 | 5 | 24 | 24 | 20 | 24 | 24 | 2 | 5 | 5 | 3 | 1 | 0 | 7 | 187 | 5 |
12 | Hordaland | 33 | 31 | 16 | 14 | 29 | 28 | 27 | 32 | 26 | 5 | 6 | 1 | 1 | 3 | 1 | 16 | 236 | 14 |
14 | Sogn og Fjordane | 26 | 26 | 19 | 2 | 26 | 19 | 23 | 26 | 14 | 0 | 1 | 0 | 0 | 2 | 0 | 6 | 164 | 6 |
15 | Møre og Romsdal | 36 | 35 | 20 | 3 | 33 | 31 | 31 | 35 | 35 | 3 | 1 | 1 | 2 | 1 | 0 | 13 | 244 | 12 |
16 | Sør-Trøndelag | 25 | 23 | 16 | 2 | 22 | 18 | 16 | 23 | 19 | 4 | 3 | 4 | 1 | 1 | 1 | 19 | 172 | 12 |
17 | Nord-Trøndelag | 23 | 23 | 17 | 2 | 21 | 14 | 20 | 16 | 15 | 1 | 2 | 0 | 0 | 0 | 0 | 8 | 139 | 7 |
18 | Nordland | 44 | 41 | 29 | 11 | 37 | 22 | 21 | 28 | 34 | 0 | 4 | 1 | 0 | 6 | 0 | 35 | 269 | 22 |
19 | Troms | 25 | 24 | 17 | 3 | 22 | 9 | 12 | 20 | 19 | 0 | 2 | 0 | 0 | 9 | 2 | 14 | 153 | 12 |
20 | Finnmark | 19 | 19 | 12 | 0 | 11 | 5 | 8 | 18 | 13 | 0 | 0 | 0 | 0 | 4 | 0 | 17 | 107 | 9 |
99 | Landet | 462 | 451 | 315 | 114 | 422 | 331 | 344 | 410 | 377 | 46 | 88 | 64 | 26 | 51 | 12 | 207 | 3258 | 163 |
Folkeavrøysting
endreI Aust-Agder fylke vart det samtidig med valet avviklast rådgjevande folkeavrøystning over eit framlegg om å slå saman dei to Agder-fylka.[N 5] Tidleg oppteljing indikerte at mellom 65 og 70 prosent i Aust-Agder røyta nei til fylkessamanslåing. Samtidig var det fleirtal i kommunane Lillesand, Birkenes og Iveland i spørsmålet om overgang frå Aust-Agder til Vest-Agder.[16]
Sjå òg
endreNotar
endre- ↑ Også i fastlands-Noreg var det mogeleg med tidleg stemming mellom 1. juli og 9. august. Dette var likevel ei meir beskjeden ordning enn vanleg førehandsstemming, ettersom kvar veljar måtte ta kontakt med sin kommune for å gjere avtale om stemming. Sjå Du kan stemme allerede fra 1. juli, på valg.no; besøkt 15. august 2011.
- ↑ Oslo er i denne samanhengen berre rekna som kommune.
- ↑ Inderøy og Mosvik slår seg saman med verknad frå 2012 og skal dermed berre velje eitt kommunestyre.
- ↑ Dette er reglane i forenkla form. Sjå ellers vallova § 6-3.
- ↑ Se fylkeskommunens nettsider om dette Arkivert 2011-10-10 ved Wayback Machine..
Referansar
endre- ↑ Kommunal- og regionaldepartementet: Informasjon om antall valgdager, antall representanter som skal velges og valgkretser. Kommunestyrevalg.
- ↑ 2,0 2,1 Kjelde for valresultat: Kommunal- og regionaldepartementets valsider, valg.no: http://www.regjeringen.no/krd/html/valg2011/bk5.html.
- ↑ Raudt stilte ved valet i 2007 under namnet Raud Valallianse.
- ↑ http://www.dagbladet.no/2011/08/09/nyheter/politikk/terror/anders_behring_breivik/17606336/
- ↑ http://www.nettavisen.no/nyheter/valg2011/article3209106.ece[daud lenkje]
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 13. juli 2011, henta 4. september 2011
- ↑ Kommunal- og regionaldepartementet: 11 kommunar får prøve e-val i 2011.
- ↑ «Nøkkelgruppa for e-valet utnemnd», på valg.no; besøkt 15. august 2011.
- ↑ Kommunal- og regionaldepartementet: Forsøk med nedsett stemmerettsalder til 16 år ved kommunestyrevalget 2011.
- ↑ «Det blir folkeavstemning om ordførervervet», i Akershus Amtstidendes nettutgåve 16. juni 2011; besøkt 19. juni 2011.
- ↑ Talet på lister er frå ein artikkel i Kommunal rapport 7. april 2011, bortsett frå for Raudt, der talet er frå «Færre lister til kommunevalget» Arkivert 2012-03-22 ved Wayback Machine. på bloggen politisk.no, besøkt 27. april 2011. Tal på nokre av nettstadene til partia avvik noko frå dette.
- ↑ Det norske Arbeidarpartiet vedtok våren 2011 å skifte namn til Arbeidarpartiet. Namneskiftet vart likevel vedtatt for seint til at det nye namnet kan nyttast på røystesetlane i 2011. Jf. Kommunal- og regionaldepartementet: Behandling av listeforslag – partibetegnelse og partilogoer; besøkt 19. juni 2011.
- ↑ Kommunal- og regionaldepartementet: Statistikkark («nøkkeltall» fra valg.no; besøkt 15. august 2011.
- ↑ «Valglister etter terroraksjonen», på valg.no; besøkt 16. august 2011.
- ↑ NRK Rogaland: Her styrer AP, uansett valgresultat
- ↑ http://www.fvn.no/tema/valg/article902379.ece[daud lenkje] fvn.no kommenterte avrøystinga om å sla saman Agder-fylka.