Alfred Eder (fødd 28. desember 1953) er ein austerriksk tidlegare skiskyttar frå Piesendorf i forbundslandet Salzburg, som i perioden 1976-94 deltok i seks påfølgjande vinter-OL. Han vann to individuelle VM-medaljar i løpet av karrieren, begge i bronse. Sonen Simon Eder har delteke internasjonalt i skiskyting i fleire sesongar.

Alfred Eder
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 28. desember 1953 (70 år)
Piesendorf
Yrke skiskyttar
Høgd 200 centimeter

Aktiv endre

Eder deltok i vinter-OL 1976 på austerriksk heimegrunn, utan å kunne gjere seg gjeldande høgt oppe på resultatlistene. Frå 1978 byrja han i enkeltrenn å hevde seg mot dei beste skiskyttarane i verda, men hans internasjonale gjennombrot kom fyrst i 1983 då han tok bronsemedaljen på 10 km under VM i Antholz. Tre år seinare vann han i Oslo si andre VM-bronse, då på normaldistansen over 20 km.

I sin beste sesong i verdscup-turneringa, 1985, vart han nummer fire. Han la opp i 1995, etter å ha delteke i 20 internasjonale meisterskap på rad.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre