Opna hovudmenyen

Alfred Kastler (3. mai 19027. januar 1984) var ein tysk-fødd fransk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1966 «for oppdaginga og utviklinga av optiske metodar for å studere Hertzian-resonans i atom», såkalla optisk pumping.

Alfred Kastler
Kastler.jpg
Alfred Kastler
Fødd3. mai 1902
Guebwiller i Alsace
Død7. januar 1984 (81 år)
Bandol
NasjonalitetFransk
OmrådeFysikkfysikk
Yrkefysikar, lyrikar, universitetslærar
InstitusjonarFaculté des sciences de Paris
Alma materÉcole normale supérieure
Faculté des sciences de Paris
DoktorgradsrettleiarPierre Daure
UtmerkingarNobelprisen i fysikk (1966)
BarnClaude Kastler
MedlemAkademie der Wissenschaften der DDR
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det franske vitskapsakademiet
Det ungarske vitskapsakademiet
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
International Academy of the History of Science
Polska Akademia Nauk

Etter å ha fullført studiane i 1926 byrja han å undervise i fysikk ved Lycée i Mulhouse før han seinare underviste ved Universitetet i Bordeaux der han var universitetsprofessor fram til 1941. Georges Bruhat bad han kome tilbake til École Normale Supérieure der han til slutt fekk ein plass i styret i 1952.

Kastler tilbrakte det meste av forskarkarrieren sin ved École Normale Supérieure i Paris der han saman med studenten sin Jean Brossel starta ei lita forskingsgruppe på spektroskopi etter andre verdskrigen.

KjelderEndra