Algar
omfangsrik gruppe av polyfyletiske, eukaryote, akvatiske og fotosyntetiske organismar, mellom dei tang
(Omdirigert frå Algae)
Algar er primært vasslevande, eukaryote organismar med fotosyntese. Til gruppa reknar me både eukaryote planteplankton og makroskopiske grupper som tang og tare; kort sagt alle fotosyntetiske eukaryotar som ikkje veks på land eller stammar frå landlevande stamformer. Dei fleste av desse høyrer til riket Protista. Blågrønalgar er såleis ikkje ekte algar, sidan dei er prokaryote bakteriar, og vert difor vanlegvis omtala som cyanobakteriar i dag.
Alginat vert utvunne av algar.