Opna hovudmenyen

Tare (frå norrønt þari) er ei samnemning for makroskopiske brunalgar som typisk høyrer til ordenen Laminariales. Det finst mange ulike artar, og dei varierer mykje både i struktur og funksjon. Dei er kjende for å vekse svært raskt (somme artar kan veksa opp til 30-60 cm om dagen) og kan hjå somme artar veksa til ei høgd på opptil 60 m. Fleire tareartar er fleirårige og kan bli over 20 år gamle.

Vanlege tareartar i norske farvatn er stortare, sukkertare, fingertare og butare. Tare blir i dag brukt til å framstilla alginat. Visse typar blir også brukt i matlaging, særleg i austasiatisk mat.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  • Moen, Frank Emil & Svensen, Erling (2003): Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna