Fotosyntese
Fotosyntese er ein biokjemisk prosess der planter, alger og nokre bakteriar utnyttar energien i sollyset til å produsere glukose av vatn og karbondioksid. Fotosyntesen er den viktigaste kjemiske reaksjonen på kloden. Utan fotosyntesen kunne det ikkje ha vore liv på jorda slik vi kjenner det i dag. Ordet fotosyntese tyder 'å setje saman ved hjelp av lys'. Det er som regel sollyset som er drivkrafta i fotosyntesen, som føregår i kloroplastane i dei grøne blada.
Det finst mange variantar av fotosyntetiske prosessar som varierer mellom ulike artar. Likevel er det ein del elemente som går i gjen. Lys blir absorbert i klorofyllhaldige protein, fotosyntetiske reaksjonsentarar. Hjå plantar finn ein desse i kloroplasten, og hjå bakterier finn ein de i cellemembranen. Lysenergien blir brukt til å redusera vatn, og utnytta den frigjorte energien til å syntetisere ulike organiske samaband slik som adenosintrifosfat (fotofosforylering) og glyseraldehyd 3-fosfat (calvinsyklus).
I fotosyntesen blir energien i lyset brukt til å gjere vatn og karbondioksid om til sukker og oksygen.