Algae Lake er ei smal, svingande innsjø, som er 17 km lang og mellom 400 meter og 2 km brei, og som strekkjer seg frå aust til vest i dei isfrie Bunger Hills i Antarktis. Han vart først kartlagt frå flyfoto tekne av U.S. Navy sin Operasjon Highjump i 1946–47 og namngjeve «Algaefjorden» av Advisory Committee on Antarctic Names på grunn av algar i vatnet, som vart rapporterte av Operasjon Highjump og som skapte forskjellige fargar i vatnet. Seinare undersøkingar under Den sovjetiske antarktisekspedisjonens (1956–57) avslørte at «fjorden» var ein innsjø.[1]

Algae Lake
innsjø
Land  Antarktis
Stad Queen Mary Land
 - koordinatar 66°18′S 100°48′E / 66.300°S 100.800°E / -66.300; 100.800
Lengd 17 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Algae Lake
66°18′S 100°48′E / 66.3°S 100.8°E / -66.3; 100.8
Algae Lake is located in Antarktis
Algae Lake (Antarktis)

Kjelder endre

  1. «Algae Lake». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. januar 2014. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Algae Lake» (innhald frå Geographic Names Information System).