Greatest Hits av Alice Cooper
Greatest Hits Samlealbum av Alice Cooper | ||
Utgjeve | August 1974 | |
Innspelt | 1970-1973 | |
Sjanger | Rock, hardrock, heavy metal | |
Lengd | 41:41 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Jack Richardson, Douglas, Bob Ezrin | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Alice Cooper-kronologi | ||
Muscle of Love (1973) |
Greatest Hits | Welcome to My Nightmare (1975)
|
Alice Cooper's Greatest Hits er eit samlealbum av Alice Cooper frå 1974. Det inneheld hitsinglar med songar frå det tredje albumet (Love It to Death) til det siste albumet deira med den originale besetninga (Muscle of Love).
Plateomslaget var laga av Ernie Cefalu og har på framsida ein illustrasjon av Drew Struzan av bandmedlemmane føre ein garasje frå 1930-åra, i lag med filmstjerner frå den tida som Humphrey Bogart, Clark Gable, Edward G. Robinson, Jean Harlow, Peter Lorre og Groucho Marx.
Songane på samlinga vart miksa på ny av Jack Richardson og ein ny miks av «I'm Eighteen» vart gjeven ut på singel i USA. Årsaka til at songane vart miksa på ny var kanskje for å kunne sei at det var «nye» versjonar av songane, sidan det ikkje var nye songar som kunne takast med på albumet då bandet hadde ein pause på denne tida.
Samlinga vart utvida i 2001 då Rhino gav ut Mascara & Monsters: The Best of Alice Cooper, som inneheld dei originale singelversjonane av songane i tillegg til fleire songar frå tida etter 1974.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I'm Eighteen» | Alice Cooper, Glen Buxton, Michael Bruce, Dennis Dunaway, Neal Smith | 2:58 |
2. | «Is It My Body» | Cooper, Buxton, Bruce, Dunaway, Smith | 2:41 |
3. | «Desperado» | Cooper, Bruce | 3:29 |
4. | «Under My Wheels» | Bruce, Dunaway, Bob Ezrin | 2:46 |
5. | «Be My Lover» | Bruce | 3:22 |
6. | «School's Out» | Cooper, Buxton, Bruce, Dunaway, Smith | 3:30 |
7. | «Hello, Hooray» | Rolf Kempf | 4:18 |
8. | «Elected» | Cooper, Buxton, Bruce, Dunaway, Smith | 4:08 |
9. | «No More Mr. Nice Guy» | Cooper, Bruce | 3:07 |
10. | «Billion Dollar Babies» | Cooper, Bruce, Smith | 3:43 |
11. | «Teenage Lament '74» | Cooper, Smith | 3:54 |
12. | «Muscle of Love» | Cooper, Bruce | 3:45 |
Medverkande
endre- Alice Cooper - Vokal, munnspel
- Glen Buxton - Sologitar
- Michael Bruce - Rytmegitar, klaverinstrument
- Dennis Dunaway - Bassgitar
- Neal Smith - Trommer
Lister
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1974 | US Billboard 200 | 8 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Greatest Hits (Alice Cooper album)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2011.