I'm Eighteen
Singel av Alice Cooper
frå albumet Love It to Death
B-side

«Body»

Utgjeve November 1970
Innspelt 1970
Sjanger Hardrock, bluesrock, heavy metal
Lengd 3:00
Komponist Alice Cooper
Tekstforfattar Alice Cooper
Låtskrivar(ar) Michael Owen Bruce, Alice Cooper, Dennis Dunaway, Neal Smith, Glen Buxton
Produsent Bob Ezrin
Alice Cooper-kronologi 
«Shoe Salesman»
(1970)
I'm Eighteen «Caught in a Dream»
(1971)


«I'm Eighteen» er ein song frå 1970 av rockebandet Alice Cooper frå gjennombrotsalbumet deira Love It to Death. Singelen vart gjeven ut i november 1970, tre månader før albumet kom ut, og vart gjennombrotshitten til bandet.

Utmerkingar endre

Songen vart rangert på 39. plass på lista til VH1 over dei 40 største metal-songane gjennom tidene. Han ligg òg på lista til magasinet Guitar over dei 50 tyngste riffa gjennom tidene.

Rolling Stone plasserte songen på 482. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[1] og hadde dette å sei om songen: «Før 'I'm Eighteen,' var Cooper berre nok ein hårete rocke-raring. Men denne proto-punk-hitten definerte tida. År seinare song Johnny Rotten songen då han prøvesong for Sex Pistols; då var Cooper gjest på The Muppet Show[2]

Andre versjonar endre

Songen er spelt av thrash metal-pionerane Anthrax på albumet deira Fistful of Metal frå 1984 og vart seinare spelt av post-grunge-bandet Creed på filmmusikkalbumet til filmen The Faculty i 1998. Songen vart òg spelt inn av Camp Freddy med Slash frå Guns and Rosesgitar og Chester Bennington frå Linkin Parkvokal. Don Dokken med John Norum på gitar spelte inn songen på hyllestalbumet Humanary Stew: A Tribute To Alice Cooper.

Kjelder endre

  1. The RS 500 Greatest Songs of All Time, 9. desember 2004, arkivert frå originalen 22. juni 2008, henta 23. oktober 2011 
  2. I'm Eighteen, 9. desember 2004, arkivert frå originalen 8. februar 2010, henta 23. oktober 2011