Alison dos Santos

Alison Brendom Alves dos Santos (fødd 3. juni 2000) er ein brasiliansk friidrettsutøvar som i 2022 vart verdsmeister på 400 meter hekk under VM i friidrett 2022 i Eugene, året etter han vann OL-bronsen i øvinga.

Alison dos Santos


Statsborgarskap Brasil
Fødd 3. juni 2000 (24 år)
São Joaquim da Barra
Idrett friidrett
Tok del i Friidrett under Sommar-OL 2020 – 400 meter hekk menn, VM i friidrett 2022 – 400 meter hekk menn

Karriere

endre

Santos sette personleg rekord med 48,28 sekund då han vart sjuandemann i VM-finalen 2019 i Doha. Stor framgang i 2021-sesongen toppa seg med eit løp på 46,72 sekund og bronsemedalje i OL-finalen i Tokyo, der Karsten Warholm sette verdsrekord med 45,94. Under verdsmeisterskapen i Eugene i juli 2022 forbetra Santos sin søramerikanske rekord til 46,29 sekund, den tredje aller beste tida i øvinga sikra han gullmedaljen, framom Rai Benjamin. Ved sesongslutt stod Santos att som vinnar av 400 meter hekk Diamantserien. I VM i friidrett 2023 enda han på femteplassen på langhekken.

Kjelder

endre