Alle Tiders Duster
Alle Tiders Duster var eit bergensk nyrock-band på første delen av 1980-talet. I tillegg til meir vanlege konsertar og plateutgjevingar dreiv gruppa også med ulike performance-tilstellingar saman med andre kunstnarar, dei deltok til dømes i ei framsyning av Cecilie Løveids Sug. Dei medverka også i filmen Carl Gustav, gjengen og parkeringsbandittene frå 1982.
Medlemer
endreOpphavlege medlemer
- Paul Ask – vokal
- Jørgen Knudsen – bass
- Gisle Frøysland – gitar
- Kenneth Andreassen – trommer
andre
- Irene Knudsen – tangentar, kor
- Eva Marie Tveit – kor, vokal
- Robert Isdal – trommer
- Tom Rasmussen – trommer
Lista er ikkje uttømande.
Utgjevingar
endreÅr | Namn | Format | Plateselskap |
---|---|---|---|
1981 | Velkommen hjem | EP | |
1982 | «Bærtur»/«Lillegutt» | Singel | Apollon Records |
1982 | Rødt lys | LP | Apollon Records |
2012 | Båndet går![1] |
Spor på samleutgjevingar
endre- 1982 – Sterkt stoff – LP –
- 1984 – International audio communication compilation vol 1 – (c-60 kassett) – Requiem Productions
Kjelder
endre- Snurrfilm.no Arkivert 2005-05-02 ved Wayback Machine.
- Groove.no
- Beatservice
- Bloggen til Tore Stemland