Cecilie Løveid
Cecilie Løveid (fødd 21. august 1951) i Eidsberg er ein norsk forfattar av dikt, dramatikk og prosa. Ho har gått på Kunst- og håndverkskolen, og har dessutan studert teatervitskap. Løveid blir rekna som ein av dei fremste norske dramatikarane frå 1980- og 1990-talet. Dei fleste av skodespela hennar er omsette og oppførte utanlands.
Cecilie Løveid | |
Cecilie Løveid i 2011 Foto: Bjørn Erik Pedersen
| |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. august 1951 (73 år) Mysen |
Yrke | lyrikar, skribent, librettist, barnebokforfattar, skodespelforfattar |
Løveid debuterte i 1972 med romanen Most. Ho merka seg ut som ein original og eksperimenterande, med ein sjangeroverskridande prosalyrikk som særleg er tydeleg til i Sug (1979). Seinare skreiv ho dramatikk innan mange ulike sjangerar, som høyrespel, sceneteater og visual performance.[1]
Ho skreiv librettoen til operaen To i dusjen, som blei oppført ved Festspela i Bergen i 1984. I 1991 var ho festspeldiktar ved dei same festspela.[1]
Eit av Løveid sine hovudverk er tre tematisk sambundne historiske skodespel - Barock Friise (1993), Maria Q (1994) og Rhindøtrene (1996), der Løveid ser den moderne kvinnerolla i historisk lys. Skodspelet Østerrike (1998) er ein dialog mellom Ibsen-figuren Brand og livet og tankane til Ludwig Wittgenstein. Kammerspelet Visning (2005, scenisk urpremiere ved Nationaltheatret i 2014) er bygd opp rundt vising av eit hus som er til sals.[1]
Verkliste
endreDrama
endre- Tingene, tingene – skodespel (1976)
- Mannen som ville ha alt – høyrespel (1977)
- Hvide Lam og Lille Tigerinde – høyrespel (1980)
- Du, bli her! – høyrespel (1980)
- Kan du elske? – fjernsynsteater (1982)
- Måkespisere – skodespel (1983)
- Vinteren rivnar – skodespel (1983)
- Sug – performance (1983)
- Lydia – høyrespel (1984)
- Dusj – opera (1984)
- Titanic - skipet som ikke kunne synke – performance (1985)
- Vift – høyrespel (1985)
- Madame Butterfly on the Beach – skodespel (1985)
- Fornuftige dyr – skodespel (1986)
- Sete Sange – performance (1986)
- Fødsel er musikk – høyrespel (1988)
- Dobbel Nytelse – skodespel (1988)
- Reise med båt uten båt – musikkdrama (1989)
- Da-Ba-Da – danseforestilling (1990)
- Badehuset – performance (1990)
- Tiden mellom tidene eller Paradisprosjektet – skodespel (1991)
- Barock Friise eller Kjærligheten er en større labyrint – skodespel (1993)
- Konsekvens – danseforestilling (1993)
- Maria Q – skodespel (1994)
- Rhindøtrene – skodespel (1996)
- Østerrike – skodespel (1998)
- Sapfokjolen, eller Det hvite smykket som opphever mørket – høyrespel (1998)
- Kattejomfruen – skodespel (2001)
Prosaverk
endre- Most – roman (1972)
- Tenk om isen skulle komme – roman (1974)
- Alltid skyer over Askøy – tekstar (1976)
- Mørkets muligheter – (1976)
- Fanget villrose – (1977)
- Sug – roman (1979)
- Badehuset – tekst og foto (1990) (saman med Lisbeth Bodd og Asle Nilsen)
Dikt
endre- Mykt glass – dikt (1999)
- Spilt. Nye dikt – dikt (2001)
- Gartnerløs – dikt (2007)
- Nye ritualer – dikt (2008)
- Svartere bunader – dikt (2010)
- Flytterester – dikt (2012)
- Dikt 2001-2013 (samleutgåve) (2013)
Barnebøker
endre- Lille Pille og Lille Fille i Den Dype Skogs Teater – barnebok (1990, illustrert av Hilde Kramer)
- Hund får besøk – barnebok (1993, illustrert av Marek Woloszyn)
- Den dype skogs teater – barnebok (1998, illustrert av Hilde Kramer)
- Den dype skogs ballett – barnebok (1998, illustrert av Hilde Kramer)
- Den riktige vind : skuespill for barn – skodespel (1999)
- Fars ansikt – barnebok (2000, illustrert av Akin Düzakin)
Prisar og utmerkingar
endre- Gyldendals legat 1979
- Prix Italia 1983, for Måkespisere
- Aschehougprisen 1984
- Prix Future 1985
- Kultur- og kirkedepartementets billedbokpris for barne- og ungdomslitteratur 1990, for Lille Pille og Lille Fille i Den Dype Skogs Teater (saman med Hilde Kramer)
- Doblougprisen 1990
- Amalie Skram-prisen 1998
- Ibsenprisen 1999, for Østerrike[2]
- Gyldendalprisen 2001
- Ibsenprisen 2015 for Visning[2]
- Ibsenprisen 2017 saman med Tore Vagn Lid, for Vår ære/vår makt[3]
- Brageprisen 2017 i open klasse for Vandreutstillinger
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Cecilie Løveid», Store norske leksikon, 4. januar 2016
- ↑ 2,0 2,1 «Vinnere av Ibsenprisen fra 1986 til 2016». Ibsen Award. Henta 7. september 2017.
- ↑ «Den nasjonale Ibsenprisen til Tore Vagn Lid og Cecilie Løveid». Kunsthøgskolen i Oslo. 25. mars 2017. Henta 7. september 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Presentasjon ved Kolon Forlag
- NRK: Lydfiler med Cecilie Løveid