Almost Grown
Singel av Chuck Berry
frå albumet Chuck Berry Is on Top
Språk engelsk
Utgjeve 1959
Sjanger Rock and roll
Lengd Chess
Komponist Chuck Berry
Tekstforfattar Chuck Berry
Låtskrivar(ar) Chuck Berry

«Almost Grown» er ein song skrive og spelt av Chuck Berry. Han vart gjeven ut som ein dobbel A-side-singel med «Little Queenie». Songen er med i filmen American Graffiti frå 1973. Etta James og Harvey & the New Moonglows, med ein ung Marvin Gaye, syng korvokal på songen.

Songen gjekk inn på den amerikanske singellista på 32 .plassen og tredjeplassen på R&B-lista.[1]

Innhald endre

  1. «Almost Grown»
  2. «Little Queenie»

Andre versjonar endre

David Bowie spelte songen for BBC den 3. juni 1971. For denne innspelinga, hadde Bowie med seg fleire vener, og det var barndomsvenen Geoffrey Alexander som song på innspelinga. Bowie fortsette å spele denne songen dei neste månadane, før han byta han ut med ein annan Chuck Berry-låt, «Around and Around»

Kjelder endre

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 55.